Berre vindskjerm og kalesje stikk opp på båten som gjekk ned i Os hamn i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Daycruiser gjekk ned i Os hamn

Store bølgjer ruller inn mellom moloane. No heng ein OceanMaster i stroppane på Steinneset.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Måndag var det idyllisk vintervêr i Os - tysdag kveld kom kulingen som var meldt.

I løpet av natta har ein båt som ligg i flytebrygga innanfor moloen på Steinneset gått ned.

– Båten var godt fortøydd og den låg fint i går kveld. Den er sjølvlensande, så eg veit ikkje kva som har gått gale, seier ein fortvilt eigar.

Det er ein 22 fot OceanMaster med 150 hk påhengsmotor som har gått ned.

Vindstyrken skal halda seg oppe gjennom onsdagen, og er venta å auka frå 13 til 16 m/s frå 17-tida i dag og opp mot 17 m/s natt til torsdag. Torsdag ettermiddag skal vinden løya.

Fare for lekkasje

Brannvesenet rykte ut på melding om havari litt før klokka 9 onsdag morgon.

Ingen av dei andre båtane i brygga ser ut til å ha problem, men det er ein innebygd bensintank på 70 liter i båten.

– Vi får dessverre ikkje gjort noko med dette sånn vêret er no, seier utrykkingsleiar Kjersti Lien.

Brannvesenet returnerte til stasjonen for å henta utstyr, og kom ned igjen med ein stor håv.

Den brukte dei til å plukka oljekanner, bensinkanne og anna drivgods frå havaristen.

• Les òg: Båt gjekk ned i Oselvo (august 2017)

Fleire saker