Kultur | 24. mars 2021

De To Vitse Menn tilbake med show og sokkadans

I helga var det tanketømming på Tysnes - i morgon kjem billettane for sal.

De To Vitse Menn tilbake med show og sokkadans
– Kan vi vera ani? Kanskje i november. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. mars 2021 19:59

Dei gjekk glipp av litt av kvart i fjor, komikarane Jan Helge Corneliussen og Thomas «2 Meter Tulling» Helgesen, men Jan Helge fekk gjennomført ein liten jobb på ein privatfest, Thomas gjennomførte to-tre innslag for nokre firma.

Og før Erna stengte landet for eit år sidan, nærmare bestemt seks dagar før, hausta dei rikeleg med latter ved å entra scenen i Oseana med munnbind.

«Munnbind i Noreg, liksom?».

Latteren sat laust då Thomas og Jan Helge 6. mars i fjor kom på scenen med ansiktsmaske. (Foto: KVB)
Latteren sat laust då Thomas og Jan Helge 6. mars i fjor kom på scenen med ansiktsmaske. (Foto: KVB)

Men mykje endra seg frå Bjørnafjorden-festen fredag 6. mars til lockdown torsdag 12. mars. Munnbindet kom noko seinare, men blir nok liggande i jakkelomma nokre veker til.

– I fjor var vi spente på mottakinga, om vi spøkte med koronaviruset, som vi så vidt hadde byrja å høyra om. No blir det naturleg å ta med ein del om pandemien, seier Helgesen.

– Vi har allereie skissa utgangen av den, avslører Corneliussen.

– Så får vi heller finskriva litt før showet.

Mange reknar med at vi nærmar oss normalen til sommaren, og showet er først i julebordsesongen.

«To Vitse Menn - rider igjen», går av stabelen i Oseana fredag og laurdag 19. og 20. november.

Plakaten er klar. I morgon startar salet.
Plakaten er klar. I morgon startar salet.

– Tør du så tør eg

Helgesen og Corneliussen har lang fartstid saman i den suksessrike revygruppa «Nor og Ne». Corneliussen skulle vore med på revyen våren 2020, som blei utsett, og som neppe kjem i fornya kostyme før våren 2022.

Men dei rakk begge å vera konferansier for Midtsiden og Baronessen (no Elvehuset) si direktesending under pandemipåsken i fjor.

Thomas tok nokre kortare soloshow (sjå video frå 2016 og 2017), men «To Meter Tulling» hausten 2017 var hans første heilaftans-show.

– Det kom ein høg og beskjeden kar inn til meg og sa han hadde ein draum. «Tør du, så tør eg», var mitt svar.

Programsjef i Oseana, Berit Steen, gledde seg over suksessen med lokal humor med påfølgjande «sokkadans» i kulturhuset etterpå.

– Det gler meg at Thomas hadde sånn suksess, og at det lokale sel godt. Vi ser det òg på Bente Bratlund, som nyleg la ut billettar til 70-årsdagen sin hos oss i mars neste år. Ho selte 100 billettar på 10 dagar.

I 2018 tok Thomas showet sitt til by'n, der det òg slo godt an, året etter var det debut med De To Vitse Menn i Oseana.

Legg det verste igjen på Tysnes

Når De To Vitse Menn entrar scenen i november, så er det fire år etter at Thomas vandra inn i 40-årskrisa med standupdebut, og eit halvt år etter at Jan Helge har runda 50.

– Vi skriv saman og kvar for oss, både til oss sjølv og tekstar vi skal bruka saman. Og så har det blitt nokre møter på Teams og ei og anna fysisk, felles skriveøkt, fortel Jan Helge.

På veg heim frå Tysnes søndag. Det ser kanskje ikkje sånn ut, men det verste ligg igjen på øya i sør.
På veg heim frå Tysnes søndag. Det ser kanskje ikkje sånn ut, men det verste ligg igjen på øya i sør.

I helga var dei på hyttetur på Tysnes.

– Det kjekkaste med desse turane er når vi drar vitsane så langt at vi veit at dette kan aldri framførast på ein scene, seier Thomas og ler.

– Så toppen av isfjellet er det ingen som får sjå?

– Aldri. It stays in Tysnes.

Dei to humorkameratane utfyller kvarandre godt.

– Ved sidan av sjølve innslaga, der vi skriv saman og puttar korte element inn i rett vits, så er eg litt ordensmann eller sekretær, Thomas har overblikk og ser kvar vi må legga inn nokre pusterom, seier Jan Helge.

Kjenner suget

Pandemi, verken inngang eller den komande utgangen, blir ikkje det einaste komikarane skal laga humor av.

– Det blir personleg òg, noko kvar for oss og noko saman.

– Kva med hendingar, personar og politikk?

– Å, ja, det kjem! Vi sender stadig idear og skjermskot til kvarandre, her er ingen er trygge. Men vi har jo mista Terje og Gustav, då. Dei gav oss mykje å jobba med, det skjer ikkje like mykje lenger.

Noko kjem inn, noko går ut, skrivejobben er kontinuerleg fram til ganske tett på showet.

– Korleis var det for deg, Thomas, som hadde sokkadans etter showa hausten 2017?

– Veldig kjekt at det blei fest av det. Du er jo litt matt etter showet, men å treffa publikum og venar etterpå er berre stas.

– No kjenner vi eit sug etter å stå på scenen igjen, og til å vera sosial. Det siste trur eg ikkje vi er åleine om.

Thomas og Jan Helge gler seg til å stå på scenen igjen i november. Kanskje blir det lov å gi ein klem på sokkadansen etterpå? (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Thomas og Jan Helge gler seg til å stå på scenen igjen i november. Kanskje blir det lov å gi ein klem på sokkadansen etterpå? (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.