Debutant Celina (15) avgjorde på overtid
Os/Nore Neset er berre eitt poeng frå opprykk etter dagens 2-1-siger over Bjarg.
Serieleiar Os siktar seg inn på opprykk til 3. divisjon, og tok i dag imot Bjarg. Bjarg ligg midt på tabellen, men har styrka seg i sommar.
– Dei har fått ni nye spelarar, blant anna ei som kjem rett frå 2. divisjon, fortel Os-trenar Stian Kvåle.
Bjarg blir dessutan trent av Frode Lundgren, som leia 2001-jentene som i dag utgjer ein stor del av Os sitt A-lag, og gjestane gav serieleiarane kamp til døra.
Utlikning etter pause
Os leia 1-0 til pause etter ei perle av eit frispark av Kine Thorsvik i rundt 35. minutt.
Litt over halvvegs i 2. omgang utlikna Bjarg etter litt rot i boks etter ein corner.
– Det var ein litt svak kamp av oss, med litt for mange feilpasningar og i periodar litt for mykje strekk i lagdelane.
Bjarg pressa i store delar av kampen. Men det var Os som skapte dei største sjansane.
Debutant og matchvinnar
Toppskårar i avdelinga, Vilde Drange Veglo (12 mål), sat skadd på benken. Både Vy Nguyen (11 mål) og Agathe Lekven missa frå 5-meter, og Malin Solstrand Ludvigsen skaut i tverrliggar i første halvdel av 2. omgang.
Så kom Vy på raid igjen, på overtid, la inn til innbytar og debutant Celina Eide Døsen, som banka inn 2-1.
– Det er lenge sidan eg har vore så glad, seier Kvåle.
Celina er del av det sterke 2003-kullet frå Nore Neset. Ho har skåra 3 mål på dei 2 siste kampane med jenter 17, og kom innpå i siste halvdel av dagens andreomgang.
Lagvenninnene frå J17, Malin og Thale, som òg spelte med damene i dag, kom springande for å gratulera!
Eitt poeng frå opprykk
Både 1. og 2. plass rykker opp når serien er over.
Os har no tre kampar igjen, med 8 poeng ned til Bremnes på 3. plass.
Neste kamp går torsdag borte mot NHH. Allereie her kan det vera avgjort.
Begge dei neste kampane blir toppkamp mot Krabbetor, begge på heimebane (Krabbetor hadde ikkje bane å spela på).
Tysdag 2. oktober og søndag 21. oktober går dei to siste rundane, begge på Kuventræ.