Debuten gav meirsmak
BILDESERIE: Ei rekkje debutantar stilte til start i Os Triathlon. – Det var knallgøy, fortel ein av dei, Torbjørn Helgesen.
Bildeserie:
Søndag blei Os Triathlon arrangert for sjuande gang i og ved Ulvenvatnet. Igjen tima arrangørane det slik at løpet gjekk i ypperlege forhold med sol og god temperatur. Etter at elite-klassa var vel unnagjort, med Mikal Iden sine imponerande 57 min og 13 sekund på dei 750 metrane symjing, 20 kilometrane sykling og 5 kilometrane løping var det klart for mosjonistane, med ei rekkje av debutantar.
Var knallgøy
Ein av debutantane som gjorde det skarpt var Torbjørn Helgesen, som kom inn på tredje plass samanlagt på den kortaste distansa (350 m symjing, 20 km sykkel og 5 km løp).
– Eg kan jo ikkje symje, så no har eg meldt meg på crawle-kurs, smilte Helgesen då han hadde fått att pusten etter å ha brukt 1.12.13 for å komma seg rundt løypa.
– Dette kjem eg definitivt til å gjera igjen, då kanskje ei lengre distanse.
– For dette var knallgøy!
Vurderar triathlon-gruppe
Helgesen, som tok oppatt syklinga for berre tre år sidan, og no er ein aktiv deltakar i CK Henie, fortel at sykkelklubben no vurderar å starte eige triathlon-gruppe.
– Vi er eindel som held på med det og har lyst til å prøva det litt meir aktivt.
– Syklinga var ikkje noko problem, men det må nok trenast meir på både symjing og løping.
– Dette var vel den fjerde løpeturen i år, men klarar vi å få til ei gruppe i klubben, så blir det enklare å få trent på alle greinene, avsluttar Helgesen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.