Kultur | 04. juli 2012

Debuterer med tilbakeblikk

Marit Irgens, som fyller 66 år torsdag, har sunge sidan ho var ei ung jente. Men først som pensjonist fekk ho gjeve ut plate.

Debuterer med tilbakeblikk
Marit Irgens med debutalbumet <em>Tilbakeblikk</em>. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. juli 2012 21:10

I juni kom cd-en Tilbakeblikk i hyllene hos Playcom på AMFI Os. Det er Marit Irgens frå Nordstrøno som ser tilbake, ikkje på tidlegare slagarar frå eigne album, men på tidlegare hobby og gamle favorittar.

– Eg song i barnekoret som var med i Torsdagsbarnetimen og eg tok timar hos ei songerinne som budde i Skivebakken då eg var ungjente, fortel Marit.

– Seinare blei det andre kor, av og til som solist, og enkelte oppdrag her og der. Men det er mange år sidan.

No, etter eit langt liv som mor og sjukepleiar, er ho pensjonist - og plateaktuell.

I sonen sitt studio

Etter å ha sunge for ungane og seg sjølv i rundt 30 år fekk Marit brått tid til å gå i studio.

– Ideen kom då den eine sonen vår bygde seg eit studio, forklarer ho.

Sonen Marius er utdanna lydteknikar, sonen Morten overtok huset oldemora budde i og bygde studio.

– Eg har fått god hjelp og ein del fleire timar i studio enn eg ville tatt meg råd til om eg måtte betala, ler Marit.

Med hjelp frå Griegakademiet

– Eg har alltid sunge klassisk musikk så då eg ville spela inn nokre favorittar fekk eg med meg strykarar frå Griegakademiet.

– Marius at eg trengte to på fiolin, ein på cello og ein på bratsj - og sånn blei det.

Medverkande fiolinistar: Lisa Laila Gontarek og Johanne Mjøs
Cello: Tarjei Sefland Målsnes
Bratsj: Sebastian Lowe

– Lisa tok dessutan seg av heile arrangementet for strykarane. Ho fekk gamle pianonoter av meg og sette det veldig fint opp, synes platedebutanten.

Av Kjerulf og Bull

Tilbakeblikk har 10 låtar, halvparten er av Halfdan Kjerulf.

– Den meste kjente er nok Synnøves sang, dei fire andre blir ikkje spelt mykje.

O mio babino caro, som mange har som klassisk favotitt, er første spor på plata.

– Så har eg sjølvsagt ei låt av Ole Bull. Sæterjentens søndag har mange høyrt, men kanskje ikkje så mange som har høyrt låta sunge.

Ny tekst om krig

Den nest siste er ein fransk vals, den siste er The soldier's prayer.

– The soldier's prayer er opprinneleg ein gamal russisk folketone omsett til engelsk. Den handlar om det å vera pliktoppfyllande soldat og føla at gud har gløymt deg.

– Handlinga er den same, men eg har skrive om teksten så den handlar om ein soldat i Afganistan og ein soldat i krigen som var i mi ungdomstid, Vietnam-krigen.

Ingen sleppefest

Marit fortel om hyggelege tilbakemeldingar og nokre overraska ansiktsuttrykk etter at ho platedebuterte.

– Dei fleste rundt meg har visst om prosjektet, men folk eg ikkje har snakka med på ei stund har blitt litt paff når eg har gjeve dei ein cd, ler 66-åringen.

– Og du skulle sett anletet på damene i klubben, legg ho til.

No er platene i hyllene i Os, og heime hos nokre venar og kjente. Noko sleppefest blir det ikkje.

– Ingen minikonsert i foajeen i Oseana?

– He, he! Nei, eg trur det ville blitt litt for tøft å halda konsert, det har eg ikkje erfaring med. Men det gjekk fint å vera i studio, å ta det litt etter litt med fleire forsøk, seier Marit Irgens.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.