midtsiden

Dei beste var best

Båtens Beste har vunne pris for beste stand på båtmessa Dra til Sjøs.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Torsdag opna årets båtmesse i Arenum og torsdag kveld var utstillarane samla til bankett i kantina like ved.

- Vi har sjølvsagt prøvd å få standen fin, praktisk og godt bemanna, men har også vore sparsam med effektar og halde kostnadane nede. Derfor blei vi både glad og overraska då vi fekk prisen for beste stand, fortel Jonathan Dyrstad, dagleg leiar i Båtens Beste.

Dyrstad starta selskapet saman med Martin Murud hausten 2008.

Frå 9 til 160 kvadratmeter
På messa i januar i fjor stilte den gong nystarta Båtens Beste ut på ein 3 x 3 meter stor stand. Bedrifta hadde berre tenester å selja og trengte ikkje større plass.

- Messa gav resultat då òg, med bestilling av fleire oppdrag.

Men våren 2009 kjøpte Askeladden Boats AS seg inn i selskapet. Båtens Beste fekk status som Askeladden-forhandlar og flytta til dei tradisjonsrike lokala der Askvik Maritim heldt til i mange år.

Heildekorert
Til årets messe fekk Båtens Beste leiga standplass rett innanfor hovudinngangen, der kundane i fleire år har vore vane med å finna Askeladden. Dei var varsame med ugiftene, men spanderte på seg massiv, ny dekor.

- Her var vi tidleg ute med planlegginga, og har fått god hjelp av Macbox og Maxprint på Os til å teikna denne ferdig på førehand. I tillegg til fem meter høg heildekkande trykksakar på tre veggar har vi rollups med tekniske spesifikasjonar og pris på kvar båt. Desse har vore til stor hjelp, her får kundane svar på ein del spørsmål medan dei eventuelt ventar på at ein seljar skal bli ledig eller til det er deira tur til å koma om bord.

Mannskapet viktig
Juryen som var på søk etter messas beste stand såg ikkje berre på det estetiske, det handla også om korleis standen var bemanna.

- Vi fekk ros for merksemda og utnyttinga av plassen, men like mykje varma det å få skryt for bemanninga. Vi har ein person til kvar av dei seks båtane, og dei er ifølgje juryen "hjelpsame, oppmerksame og ikkje minst, kunnskapsrike".

Det er ikkje berre heder og ære som har vore stas på messa, som er open til sundag kveld.

- Det har vore god trafikk på standen og stor interesse for båtane, ikkje minst dei største, S6 Sport og C6. I dag selte vi ein C6 og vi har ein del på gang som truleg går i boks i løpet av helga, fortel Jonathan Dyrstad.

Det blei også kåra beste stand utan båt. Denne prisen vann Pronav.

Fleire saker