Dei første «Bjørnafjorden-benkane» er på plass

– Vi er spente på tilbakemeldingane.

Kommunen ønskjer tilbakemelding på dei to første benkane, som denne veka blei plasserte ut på gjestebrygga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 08. juli 2020 14:03

Denne veka blei to fargerike benkar plasserte ut på gjestebrygga mellom Esso og Peppes i Os hamn.

Benkane er malte i fargane til kommunevåpenet, har bein med kommunen sin logo på og ryggstøtte forma som ein oselvar.

– Eg håper folk ser båten, og ikkje trur at dette er ein vikinghjelm, seier Kristian Nygaard, dagleg leiar i Os Asvo.

Ryggen på benken skal forestilla ein oselvar. (Foto: KVB)

To prototypar

Os Asvo har designa og produsert benkane på oppdrag for Bjørnafjorden kommune.

– Det er Hugo Hjelle hos oss som ha stått for designen. Beina er laga av ein smed i Samnanger, fortel Nygaard.

No er Os Asvo spente på kva folk synest om form og farge. Det er kommuneleiinga òg.

– Eg og Trine (ordførar Lindborg) hadde ein tur på gjestebrygga, og var samde i at den, med unnak av dei fine blomane, var litt grå og trist, seier fungerande ordførar Mikal Leigland.

Ønskjer tilbakemeldingar

– Os Asvo fekk oppdraget. Målet er å laga fleire element som kan gå ut i alle bygdene, frå Baldersheim til Lysefjorden, som gjer folk umiddelbart ser kva kommune dei er i.

– No vil vi registerar respons, gjera eventuelle justeringar og produsera fleire. Kanskje kan det òg koma fleire produkt i same design.

Os Asvo jobbar allereie med nye bosspann. Desse får tre kammer, så folk kan sortera avfallet på staden.

– Målet er at alle bygdene skal få seg ein benk i same design, seier Leigland. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.