Sport | 16. juni 2019

Dei første fiskarane gjekk tomhendte heim

Sesongen er i gang i Oselvo. Det tok fire timar før første laks kom på land.

Remi Lindborg fekk besøk av Stig Gram-Knutsen i sone 4 Hammaren på opningsnatta. Det blei ingen fangst. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 16. juni 2019 07:38

Bildeserie:

Svein sto lengre nede. Men første fangst blei tatt fire timar seinare, frå motsett elvebreidd. (Foto: KVB)
Vasstaden før opning. (nve.no)
Sonane nedst i Oselvo.
Vasstanden under gamle Osbruo. (Foto: KVB)
Ole Vidar Søviknes frå Prohd.no innom til Kjell og Svein i sone 2. (Foto: KVB)
Kjell sette seg ved fossen. (Foto: KVB)
Svein sto lengre nede. Men første fangst blei tatt fire timar seinare, frå motsett elvebreidd. (Foto: KVB)
Vasstaden før opning. (nve.no)
1 av 6
Vasstaden før opning. (nve.no)
Sonane nedst i Oselvo.
Vasstanden under gamle Osbruo. (Foto: KVB)
Ole Vidar Søviknes frå Prohd.no innom til Kjell og Svein i sone 2. (Foto: KVB)
Kjell sette seg ved fossen. (Foto: KVB)
Svein sto lengre nede. Men første fangst blei tatt fire timar seinare, frå motsett elvebreidd. (Foto: KVB)

Fredag kveld rigga fiskarane seg til, men frå midnatt og utover blei det nokre rolege timar langs Oselvo.

Vasstanden har vore høg i korte periodar vekene før opning, men inn mot opningsnatta blei den lågare og lågare.

– Vi har sett fisk i fossen, men det blir nok betre fiske over helga, når det har regna litt, sa Kjell Olsen og Svein Hansen som hadde fått fiskekort i sone 2 opningsnatta.

Lukta på personleg bestenotering

I sone 4 (Hammaren) sat Remi Lindborg med besøk av Stig Gram-Knutsen.

Stig sin rekord i Oselvo er 12,5 kilo, den tok han då han i starten på 90-talet var i sein ungdomsskulealder.

– Ein fangst eg hugsar like godt var ti år før, då eg som 6-åring tok ein sjøaure på dupp med Snoopy-stang, fortel Stig og ler.

– Eg har mest tru på sone 5 no i natt, så får vi håpa det kjem mykje regn dei neste dagane. sa Remi.

Den største fisken Remi har tatt i Oselvo vog 4,7 kilo. Fleire gongar, også mens Midtsiden var innom, var det ein laks på rundt 5-6 kilo i vasskorpa og viste seg.

Det blei inga ny bestenotering på Remi - men han fekk rett med tanke på sone 5.

Bård Lyssand og Leif Juvik var først

Første laks kom på land klokka 04.15, då Bård Lyssand fekk ein laks på 4-5 kilo i Kvernhushølen (vis a vis sone 2).

Årets «Oskar» (første laks tatt av medlem i Os jakt- og fiskelag) gjekk til Leif Juvik, som på dagtid laurdag tok ein laks på 5,7 kilo i nettopp sone 5 (Klekkerihølen).

Sjå bilde av begge fangstane og følg fisket i Oselvo på prohd.no.

• Les òg: Oter i Oselvo fanga på kamera

• Les òg: Kvar i hamna har du lov å fiska - kor tid?

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.