Os hamn torsdag kveld og fredag morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Dei første gjestane

Osfest: Os Podtown hadde fire nasjonalitetar på overnatting i natt. Den største av to bubulparkringar blei full i går.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

«Os Podtown» sitt podtell, som blei levert i slutten av juli, og i første omgang skal stå ut september, hadde internasjonal breidde i gjestane natt til i dag.

– I natt har 4 av 8 rom vore utleigd, gjestane kom frå Kina, Slovakia, Polen og Noreg, fortel Hans Parnefält frå Os Travel.

Første gjest i det nye podtellet kom måndag, og er ein kinesar på sykkelferie på Vestlandet. Han kom tilbake til Os.

«It is clean, cosy, convenient and good location. It is worthwhile. Good choice for people to stay» skriv Qiang på airbnb.no etter første netter i Os Podtown.

6 av 8 er booka under Osfest

I dag startar festivalen Osfest.

– 6 av 8 rom er booka i helga, så vi har framleis ledig kapasitet.

– Det er som ein sovekupe på tog, men stilleståande og med projektor, betre plass og med tilgang på garderobe, dusj og vaskemaskin.

– Eg har hatt folk innom som heller ville bu på hotell, og som fekk sikra seg det siste ledige rommet på Bjørnefjorden Gjestetun, men det kan sjå ut som om det er behov for tilbod i denne prisklassen òg, seier Parnefält.

Fire-fem «reserveplassar» for bubil

Midt på dagen torsdag var 7 av 9 plassar for bubil på Steinneset tatt, på kvelden var plassen full og det høyrdes ut som om det hadde byrja å bli festivalstemning i minst éin av bubilplassane.

• Les òg: Kuven Farm camping med roleg start på sesongen

Snart er det helg, og då er det ope for 4-5 bubilar på popup-parkeringsplassen ved Os pumpestasjon.

Mange som ringer havnesjefen

Gitle Smaadal frå Os brannvesen, som har ansvar for drift av Os hamn, fortel om bra med overnattingar i sommar.

– Vi ser at ein del eldre personar ikkje bruker GoMarina-appen, men heller betaler i automat. Fram til august hadde vi over 300 som hadde betalt med app og nesten 300 som hadde betalt på automat, fortel Smaadal.

I appen er det no lagt til funksjon som gjer at du kan kjøpa tilgang til dusj og bruk av vaskemaskin og tørketrommel via appen, som gir deg ein kode.

Inn mot Osfest-helga har det vore ein del telefonar frå båtfolk som vil reservera plass.

– Eg forklarer at vi ikkje har kapasitet til å halda av plass, at det er førstemann til mølla, men viser samtidig til den nye heimesida osgjestehamn.no, der dei sjølv kan sjekka forholda via fleire webakamera.

– Denne har blitt eit godt verktøy for både oss og gjestane.

 

 

 

 

Fleire saker