Lokal | 17. sep. 2015

Dei mest populære politikarane

#ValiOs15: Sjå oversikta over kven som fekk flest personlege røyster under kommunevalet.

Dei mest populære politikarane
Helge Steinum (Ap) og Terje Søviknes (FrP) tok henhaldsvis andre og første plass på lista over dei politikarane som fekk flest personlege røyster (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 17. sep. 2015 09:14

Valet handlar om kva parti som får flest røyster, men for dei som står på listene er det kanskje like mykje spenning knytt til om dei får den personlege tilliten frå veljarane - og om dei får plass i kommunestyret.

På stemmeseddelen din kunne du både setja kryss ved kandidatar (personstemmer) og føra på namn frå andre parti enn det du stemte på (slengjarar).

Summen av desse to utgjer personstemmene som igjen skaper endringar på listene til kvart parti, med unntak av dei som er kumulerte på førehand.

Her er dei ti politikarane som fekk flest personlege røyster, uansett parti (personrøyster og slengjarar)

1. Terje Søviknes (FrP), 2032
2. Helge Steinum (Ap), 354
3. Marie Bruarøy (H), 328
4. Laila Marie Reiertsen (FrP), 307
5. Eirik André Hesthamar (FrP), 268
6. Gustav Bahus (FrP), 265
7. Jon Sivert Rykkel (V), 244
8. Emil Tetlie Brimsholm (H), 227
9. Terje Sperrevik (TvS), 198
10. Børge Lunde (H), 168

Sjå kven som blir dei 35 representantane i kommunestyret 2015-2019.

Midtsiden har sett litt på tala bak resultatet og oppsummerer nedanfor dei fem som har fått flest personstemmer (frå dei som òg har stemt på partiet) og flest slengjarar (frå dei som har stemt på eit anna parti, men har ført opp kandidatane ekstra på det partiet dei har stemt på).

Toppkandidatane populære

Ikkje overraskande er det toppkandidatane som har fått flest røyster hos sine eigne, men ser du litt lengre ned på lista ser ein at velgjarane ikkje nødvendigvis er samde i den rangeringa partiet gjorde då dei sette opp lista.

Haugland sterk hos konkurrentane

Hadde Venstre sine veljarar fått vilja si skulle Mari Lunde Eide (96 personrøyster) vore inne i kommunstyret i staden for Glenn Erik Haugland (78 personrøyster).

Haugland bergar plassen på ein større popularitet hos dei som har stemt på andre parti, her fekk han fleire enn Lunde Eide (63 mot 31 slengjarar).

Tilsvarande er det for Børge Lunde, som ligg på topp 10 uansett parti, og som får nest flest av Høgre-veljarane, men som ikkje får nok frå andre parti til å klatra inn i kommunestyret.

Bruarøy fjellstøtt hos sine eigne

Tilsvarande populær hos dei andre partia er Emil Tetlie Brimsholm hos Høgre, som har hanka inn 105 slengjarar, mot toppkandidat Marie Bruarøy sine 76.

Blant sine eigne står Marie Bruarøy fjellstøtt med 252 personrøyster, nesten dobbelt så mange som andremann i rangeringa, Børge Lunde (132).

Søviknes populær òg hos konkurrentane

Suverent mest populær er, ikkje overraskande, Terje Søviknes (Frp). Han fekk heile 1773 personlege røyster frå Frp-sympatisørar og 259 frå veljarar som stemte på andre parti. Tilsvarande er Gustav Bahus populær hos sine eigne (256 og tredjeplass på lista over personstemmer), men ikkje like populær hos dei som stemmer på andre parti (9 slengarar)

Valet blei formelt godkjent av valstyret tysdag, då dei samrøystes utan diskusjon godkjente og signerte møteboka frå valet.

Sjå topp 5-rangeringa innan kvart parti, både på personrøyster og slengjarar nedanfor:

Ap:

Hos Ap-veljarane:
Helge Steinum, 317
Harald Døsen, 130
Tone Hepsøe, 109
Sandra Kristin Austgulen, 91
Gisle Hesjedal, 69

Hos dei andre partia (slengjarar):
Helge Steinum, 37
Harald Døsen, 31
Arild Mads Nilsen, 20
Gisle Hesjedal, 19
Tone Hepsøe, 10

Frp:

Hos Frp-veljarane:
Terje Søviknes, 1773
Laila Marie Reiertsen, 295
Gustav Bahus, 256
Eirik André Hesthamar, 236
Marianne Neumann Hjelle, 134

Hos dei andre partia (slengjarar):
Terje Søviknes, 259
Eirik André Hesthamar, 32
Jonn Garvik, 14
Laila Marie Reiertsen, Tore Kleppe, 12

H:

Hos H-veljarane:
Marie Bruarøy, 252
Børge Lunde, 132
Emil Tetlie Brimsholm, 122
Ståle Skaatun, 86
Susanne Sperrevik, 65

Hos dei andre partia (slengjarar):
Emil Tetlie Brimsholm, 105
Marie Bruarøy, 76
Susanne Sperrevik, 48
Børge Lunde, 36
Erik Vågen, 35

KrF:

Hos KrF-veljarane:
Jakob Enerhaug, 85
Sigrid Aanestad Bakke, 49
Anker Gunnar Turøy, 39
Helge Olav Nygard, 37
Josten Bondevik, 30

Hos dei andre partia (slengjarar):
Jakob Enerhaug, 23
Helge Olav Nygard, 13
Sigrid Aanestad Bakke, 10
Tryggve Lillestøl, 4
Anker Gunnar Turøy, Jostein Bondevik, Anne Turid Bjørnevik, Sigurd Risa Kalvenes, Kåre Lutro 3

MDG:

Hos MDG-veljarane:
Nils-Anders Nøttseter, 93
Bjørn Terje Bøe, 59
Tina Bøe Buer, 49
Ellen Siren Bruarøy, 29
Gunnar Kvåle, 24

Hos dei andre partia (slengjarar):
Nils-Anders Nøttseter, 48
Tina Bøe Buer, 24
Bjørn Terje Bøe, 22
Knut Ivar Børgesen, 13
Gunnar Kvåle, Marion Dale Wollertsen, 7

Sp:

Hos Sp-veljarane:
Siren Tømmerbakke, 99
Harald Lekven, 60
Ingrid Netland, 24
Trine Ludvigsen, 20
Eivind Moberg, 19

Hos dei andre partia (slengjarar):
Siren Tømmerbakke, 52
Harald Lekven, 32
Ingrid Netland, 15
Bård Moberg, Jørgen Frønsdal, 8

SV:

Hos SV-veljarane:
Oddne Bjørnør Horg, 15
Ada Mathilde Hansson, 11
Tarjei Lyssand, 8
Tove Karin Nøss, 7
Siv Søgnen Olsen, 7

Hos dei andre partia (slengjarar):
Oddne Bjørnør Horg, 13
Ada Mathilde Hansson, Tarjei Lyssand, 9
Tove Karin Nøss, 6
Siv Søgnen Olsen, Hilde Karin Storum, 3

TvS:

Hos TvS-veljarane:
Terje Sperrevik, 143
Torunn Øvredal, 70
Jan Helge Corneliussen, 57
Olaug Tvedt Keys, 45
Ole-Vidar Moberg, 42

Hos dei andre partia (slengjarar):
Terje Sperrevik, 55
Øyvind Skorpen, 18
Olaug Tvedt Keys, 16
Jan Helge Corneliussen, 14
Ole-Vidar Moberg, Astrid Leikvoll, 13

V:

Hos V-veljarane:
Jon Sivert Rykkel, 161
Mari Lund Eide, 96
Glenn Erik Haugland, 78
Astrid Dale, 47
Sveinung Stensletten, 28

Hos dei andre partia (slengjarar):
Jon Sivert Rykkel, 83
Glenn Erik Haugland, 63
Astrid Dale, 33
Mari Lund Eide, Terje Hatvik, 31

Ein komplett oversikt over alle personrøyster og slengjarar er lagt ut på kommunen si heimeside under møte i valstyret. Der finn du òg detaljane frå Fylkestingsvalet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.