Lokal | 03. okt. 2018

Dei neste bølgedemparane er på veg til Os

To av dei tre siste bolgedemparane blei lasta på båt i Tallin i går.

Dei neste bølgedemparane er på veg til Os
I går blei to av tre bølgedemparar lasta på båt i Tallin. (Foto: Tore Birkeland, Sematek AS)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 03. okt. 2018 13:37

Bildeserie:

Denne har lagt åleine i nesten to år. (Foto: KVB)
Denne har lagt åleine i nesten to år. (Foto: KVB)
I desember i fjor blei ny plan for montering vedtatt. (Ill.: Abo plan og arkitektur)
I desember i fjor blei ny plan for montering vedtatt. (Ill.: Abo plan og arkitektur)
1 av 2
Denne har lagt åleine i nesten to år. (Foto: KVB)
I desember i fjor blei ny plan for montering vedtatt. (Ill.: Abo plan og arkitektur)

I november 2016 blei den første av fire spesialutvikla bølgedemparar frakta frå Tallin til Os.

• Les òg: 75 tonn i eitt løft

Denne har lagt åleine, med sensorar som har fortalt om kva krefter som verkar inn på den. No skal den òg få ein funksjon, når den saman med yttarlegare tre bølgedemparar blir sett i system mellom moloen utanfor Os hamn.

• Les òg: Samrøystes ja (vedtak, desember 2017)

– To av dei tre neste blei lasta på båt i går, den tredje kjem kort tid etterpå, seier prosjektleiar Knut Olav Torsvik i Os kommune til Midtsiden.

Det er Sematek AS som har stått for design og bygging av bølgebrytarane, i samarbeid med Akvasafe, som har stått for blant anna berekningane.

Kvar av bølgedemparane er:
• 50 meter lange
• 1,5 meter brei
• Stikk 3,36 meter djupt
• Veg 75 tonn

Målingar gjort til no skal ikkje ha gjeve overraskande negative eller utfordrande verdiar.

Sjøkabel før montering

– Transport er etter same oppskrift som sist, fortel Torsvik.

Osingen Heine Jarland frå Universal Logistics organiserer shipping. Bølgebrytarane blir køyrde til Fusa, og skal slepast over fjorden til Os når det er klart for montering.

– Ein sjøledning til OHARA-prosjektet skal leggast før vi monterer bølgebrytarane, fortel prosjektsjef i Os kommune, Halvor Hanevik.

– Det er ikkje bestemt eksakt dato, men det blir ein del jobbing utanfor Os hamn i vekene som kjem, og alt skal vera på plass før jul.

Den første bølgedemparen skal justerast litt i posisjon når dei andre blir lagt ut. Sjå illustrasjon under hovudbildet.

– Eg gler meg, og er naturlegvis spent på å sjå korleis dei fungerer når heile systemet er på plass, seier Hanevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.