Samferdsle | 02. jan. 2024

Dei nye ferjeprisane

Prisane på å reisa med ferje på fylkesveg har auka med 4,4 prosent.

Dei nye ferjeprisane
Frå Venjaneset til Hatvik ein novemberdag i 2021. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 02. jan. 2024 08:21

Ferjetakstane blei i går, som dei ofte blir ved årsskifte, oppdaterte.

Frå 1. januar 2024 auka prisen på alle fylkesvegferjer i Vestland med 4,4 prosent, melder Skyss.

Prisane for ferjereiser følger AutoPASS-regulativ eller Riksregulativ for ferjetakstar. Regulativa er forvalta av Statens vegvesen på vegner av Samferdselsdepartementet.

Her er nokre priseksempel på samband frå Os:
(gjeld bensin/diesel utan Autopass)

Hatvik - Venjaneset
MC/Moped 28 kr
0 - 6m 64 kr
6.01 - 8m 144 kr

Halhjem - Våge
MC/Moped 42 kr
0 - 6m 114 kr
6.01 - 8m 250 kr

Halhjem - Sandvikvåg, som er på europaveg, har desse prisane for dei minste køyretøya (bensin/diesel utan autopass):
MC/Moped 55 kr
0 - 6m 164 kr
6.01 - 8m 355 kr

Det er rabattar å henta.

Her er prisar for dei minste køyretøya innan nullutslepp med Autopass-brikke utan forskotsavtale:

Hatvik - Venjaneset:
MC/Moped 12,60 kr
0 - 6m 28,80 kr
6.01 - 8m 64,80 kr

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.