Sport | 25. mars 2010

Dei sju yngste

Os stiller i 2010 med lag både i 2. og 3. divisjon. Ei vellukka satsing på eigne talent gjer at sju lokale juniorar er aktuelle for debut i Fair Play-ligaen.

Dei sju yngste
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. mars 2010 10:27

- Etter nedrykket i 2008 bestemte Os Turn Fotball seg for å satsa vidare på det gode talentutviklingsarbeidet som starta nokre år i forkant, men med endå høgare prioritet på bruk av eigne, lokale spelarar. Det har vi hausta mykje av allereie, og vi har meir i vente, seier hovudtrenar Frank Hellevik.

Fleire unge spelarar var viktige for Os og Os 2, som begge rykte opp i 2009. I år kan dei få sin debut i 2. divisjon.

God nok = gamal nok
God treningskultur og intern konkurranse gjer ikkje berre at ungdomen pressar etablerte spelarar til å bli betre, dei utviklar seg raskt til å bli aktuelle for stadig høgare nivå.

- Klarte vi å rykka opp med begge lag med så mange unge spelarar i 2009, så er ungdomen også klar for 2. divisjon. Er dei god nok så er dei gamal nok, altfor mange stjerner har blitt fødd og utvikla i breiddefotballen i Noreg, men slokna når dei ikkje får store nok utfordringar som 16- og 17-åringar.

- Mange klubbar seier dei satsar på ungdomen, utan å visa det i praksis. Vi viste i heile 2009 at grensa er tynn mellom Os og Os 2, og at dei unge får sjanse til å visa seg fram. Det vil vi halda fram med i år, på to høgare nivå.

7 juniorar klare for kamp!
Halvparten av dei 32 spelarane i Os sin stall er 20 år eller yngre. Sju av dei er framleis juniorar. Her fortel Hellevik litt om kvar av dei (fødselsår og posisjon i parantes).

Baste Bognøy Jonassen (1992, forsvar): Fekk sin A-lagsdebut i første heimekamp i fjor. Baste har utmerka seg med god basisteknikk, velutvikla fysikk og stor fotballintellingens.

Erik Kanestrøm (1992, midtbane): Debuterte på A-laget i fjor, spelte første frå start heime mot Tertnes. Har ekstrem løpskapasitet, ein slepen venstrefot og veldig gode haldningar på trening og i kamp.

Espen Kopperud (1991, angrep): Spelte både for juniorlaget og Os 2 i fjor. Har stor arbeidskapasitet, ein god skotfot og god. Ein som har ein tendens til stadig å dukka opp på rett plass, svolten på skåring.

Kristoffer Sande (1991, forsvar): Spelte både for juniorlaget og Os 2 i fjor. Ein rask og tøff spelar som er flink til å posisjonera seg. Kristoffer er god på hovudet både bak og framme på banen og den som har vist størst framgang i vinter.

Mats Lepsøe (1992, angrep/forsvar): Debuterte på A-laget heime mot Odda i haust, og skåra i heimekampen etter. Mats er ein uforutsigbar artist med ball, kan brukast på heile banen og kjem stort sett ut av duellane med ballen i beina.

Sven S. Lyssand (1992, angrep): Debuterte på A-laget i første seriekamp, første kamp frå start heime mot Tertnes i haust. Sven har enorm fart, han er ein god avsluttar og er eit spennande angrepsvåpen for Os.

Vegard Leikvoll Moberg (1991, midtbane): Debuterte på A-laget i første seriekamp, der han blant anna skåra på straffe, noko han også gjorde seinare i serien. Vegard er den av ungdomane som fekk mest speletid på A-laget i fjor, han er svært god teknisk, ein vinnartype både på trening og i kamp.

Fire nye spelarar
Os mista berre to spelarar av dei som var med på opprykksfesten i oktober, forsvarsspelarane Einar Algrøy og Vegard Borgen. Fire nye har kome til frå andre klubbar.
Endre Brenne (Norheimsund/Lillehammer): Har spelt på midtbane og som midtstoppar. Os vil bruka han i forsvar.
Tom Skråmestø (Baune, midtbane/midtstoppar): Har vore kaptein på Baune dei siste åra.
Daniel Kalstad (Brann): Spelar høgre back eller på ein av kantane.
Espen Kolås (Baune): Osingen blei kåra til årets spelar på Os etter 2007-sesongen. Den allsidige spelaren gjer no comeback for heimklubben.

Laga i Fair Play-ligaen (2. divisjon) avdeling 1, 2010:
Asker (3. plass i 2009), Bærum, Fana, Frigg (rykte opp hausten 2009), Førde (rykte opp hausten 2009), Kjelsås, Notodden (rykte ned frå 1. div. hausten 2009), Manglerud Star, Nest Sotra, Os (rykte opp hausten 2009), Stabæk 2 (4. plass i 2009), Stord (rykte opp hausten 2008), Vålerenga 2 og Åsane (4. plass i 2009).

KAMPPROGRAM FOR OS, VÅREN 2010
17.04 kl 14:00 Os - Kjelsås
24.04 kl 13:00 Bærum - Os
03.05 kl 17:30 Os - Vålerenga 2
08.05 kl 13:00 Frigg - Os
16.05 kl 14:00 Fana - Os
22.05 kl 14:00 Os - Manglerud Star
30.05 kl 18:00 Stabæk 2 - Os
06.06 kl 18:00 Os - Asker
13.06 kl 16:00 Notodden - Os
19.06 kl 16:00 Os - Stord
26.06 kl 16:00 Førde - Os
Os sin første kamp etter ferien blir heime mot Åsane 17. juli.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.