Lokal | 11. sep. 2012

Dei vanskelege vala

Os ungdomsskule startar prosjekt for å hjelpe ungdommane i brytinga mellom barn og vaksen. Rus, seksualitet og helse står på dagsorden.

Dei vanskelege vala
Prosjektet blei sparka i gang med vising av "Linas kveldsbok" (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 11. sep. 2012 12:09

Dei komande vekene skal elevane i 9. klasse vera med på prosjektet «Ungdom og helse, seksualitet og rus».

- Eg håpar de vil oppleve dette som meiningsfullt.

- Det er de sjølv som bestemmer kva de skal få ut av prosjektet, helsa rektor Kåre Lutro då han sparka det heile i gong med kinoframvisning av ungdomskomedien «Linas kveldsbok».

- Lytt til kvarandre, våg å tenkje høgt saman, våg å still dei vanskelege spørsmåla til deg sjølv, oppmoda rektor.

Reflekterande framsyning

Midtsiden fekk vera med då elevane såg «Linas kveldsbok», ein film om pubertetens følelsesmessige kaos av forventningar, seksualitet og venskap. Filmen handlar om 15-årige Lina som er trøytt av å vera ein ukyssa middelmådigheit.

Gjennom komedien blir det satt fokus på alle dei problemstillingane ungdommane står overfor som til dømes drikkepress, sexpress frå den eldre «kjæresten», usikkerheita etter ubeskytta sex, kven er ekte vener og kva gjer du for å halde deg inne med dei rette.

- Tanken bak å visa filmen er å setje igang tankeprosessar hos elevane som dei no skal reflektera over i klassene, forklarar Lutro etter framsyninga.

Ut frå reaksjonane i salen under visninga bør det vera grunnlag for gode diskusjonar, meir enn fleipande kommentarar og tilrop var det ein gjeng reflekterterte 9.-klassingar som forlet Oseanasalen.

Fagdagar og debatt

Prosjektet held fram til fredag 28. september kor dei heile blir avslutta med ein paneldebatt.

- Før det skal vi ha fleire fagdagar og det vi har kalla refleksjonsdagar, fortel rådgjevar Berit Drevvatne.

Allereie førstkommande torsdag kjem representantar frå SMI (Senter mot Insest), LLH (Landslaget for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar), Bergensklinikkene (Rus og alkohol) og skulens eiga helsesøster for å informera og drøfta problemstillingar innan dei forskjellege fagområda.

- Vi får òg vitjing av Venn1, som er Mental Helse sin ungdomsorganisasjon.

- Dei har eit eige undervisningsopplegg som elevane skal få ta del i, forklarar Drevvatne.

- Men det er ikkje berre den psykiske helsa vi set fokus på. Vi kjem òg innom ungdommane si fysiske helse, mellomanna med ei danseøkt i gymsalen på barneskulen på torsdag då vi får hjelp frå instruktørar på Sprek og Bli, skyt helsesøster Torill Eide inn.

Tanken er at prosjektet skal bli eit årleg arrangement ved skulestart kvar haust for 9. klassingane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.