Næringsliv | 26. jan. 2010

Dei yngste er sjukast

Sjukefråværet aukar i Os mest hos dei yngste. No er arbeidstakarane mellom 21 og 29 år dei sjukaste vi har.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 26. jan. 2010 09:50

Bildeserie:

1 av 2

- Ser vi på sjukefråværet i forhold til aldersgrupper er det gruppa 16-20 år og gruppa 21-29 år som har auka mest, medan aldersgruppa 50-59 år har auka minst og gruppa 60-69 år har redusert sjukefråværet, seier marknadskoordinator hos NAV Os, Gunnar Breistein.

I 3. kvartal 2006 var sjukefråværet i Os 5,9 prosent. Hos dei mellom 21 og 29 år var sjukefråværet 5,3 prosent. Gruppa med størst sjuefråvær var dei mellom 60 og 69 år med 7,5 prosent.

Tre år seinare, i 3. kvartal 2009, var sjukefråværet på 6,4 prosent. Hos dei mellom 21 og 29 år hadde det auka til 7,3 prosent. Den eldste gruppa, 60 til 69 år, har i same periode redusert sjukefråværet til 7,0 prosent.

1000 fleire dagsverk
Samanliknar vi 3. kvartal 2008 med 3. kvartal 2009 har det legemeldte sjukefråværet auka frå 6,0 til 6,4 prosent.

Ser vi på tapte dagsverk totalt i Os er endringa frå 3. kvartal 2008 til 3. kvartal 2009 frå 21.820 dagar til 22.861 dager.

Sjå tabellane under.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.