Dekker halve «Hølmen»
Ein nesten 100 fot lang yacht ligg til kai ved Vedholmen Landhandel.


Tysdag ettermiddag måtte den lengste brygga til Vedholmen Landhandel ryddast for småbåtar mellom 10 og 40 fot, ein 96 fot lang yacht låg og venta på kaiplass.
«In Excess» seglar med flagget til den karibiske øystaten Saint Vincent og Grenadinene og med namnet på hovudstaden Kingstown på hekken.
Men folka om bord er norske.
- Vi reiste frå Oslo for cirka to veker sidan, fortel skipperen, og legg til at han ikkje er eigar av yachten.
Han fortel at båten er bygd i Holland, i aluminium, og at det er ein romsleg turbåt med stor bysse og messe og fire doble kabiner.
Turen går onsdag vidare til Bergen, der dei skal vera ei stund før retur til Oslo.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.