Lokal | 28. des. 2015

Dekningsutfall hos Netcom

Ein lesar har vore utan mobilnett sidan tidleg ettermiddag første juledag, og kan verken nytta telefoni, data eller senda sms.

Dekningsutfall hos Netcom
Dei raude områda er utan Netcom-dekning. (Foto: Skjermdump frå Netcom.no)
Cathrin Valestrandmandag 28. des. 2015 15:01

Kundeservice hos Netcom kan stadfesta om at ein sendar er ute av drift på Ulsmåg. Det er ikkje første gong Netcom har trøbbel med nettet i Os kommune.

– Den dekkjer eit stort område, deriblant Lysefjorden, og vi ser på kartet at det vert eit forholdsvis stort raudt område på karet som følgje av dette utfallet.

Det er ikkje ofte at ein sender dekkjer eit såpass stort område og berørar så mange kundar.

Kva som er årsaka til feilen på sendaren kan ikkje kundeservice svara på i skrivande stund, og teknikarane har teke ettermiddagsfri.

– Det einaste vi kan seia er at teknikarane våre er på saka, og det vert arbeidd for å retta feilen så snart som mogleg.

Nettsidene til Netcom melder at forstyrrelsane og utfallet i området er grunna kabelfeil, og at forventa rettetidspunkt er tysdag 29. desember ca kl 12.00.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.