Rundt 40 tilsette var samla då toppleiinga i Kongsberg i går besøkte sine nye kollegaer i Ulvenvegen på Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Del av verdsleiande konsern

Frå djupaste botn til verdsrommet: Toppleiinga i Kongsberg Gruppen besøkte nykjøpte Rolls-Royce Ulven

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I fjor sommar blei partane einige, i starten på mars blei handelen godkjent og måndag var det tid for overføring av milliardbeløp og formell overtaking; Kongsberg Gruppen har kjøpt Rolls-Royce Commercial Marine.

Onsdag fekk 40 tilsette i Ulvenvegen i Os besøk av konserndirektør Geir Håhøy med Even Aas, Knut Hovland og Iven Opsahl som reisefølgje.

– Dette har vi gledd oss veldig til! Vi er på turné, både her på Vestlandet og andre stadar i verda, og besøker 54 «sites» på 2-3 dagar for å få møta dei nye kollegaene våre, sa Håøy.

Så følgde ein presentasjon av Kongsberg-konsernet og selskapet si over 200 år lange historie.

Ny grunnlov - ny våpenproduksjon

Kongsberg blei etablert 20. mars 1814, med kompetanse frå gruvedrift heilt tilbake til 1600-talet, i starten for å produsera våpen. Noreg hadde nett fått ny grunnlov, likevel var det danske Poul Steenstrup som starta den norske våpenproduksjonen.

– I dag er vi eit globalt teknologikonsern, med 105 sites i 40 land, med 11.000 tilsette og ein samla omsetnad på 22,5 milliardar kroner i 2018.

Presentasjonen blei avslutta med ein video som hausta applaus i heile forsamlinga.

(Artikkelen held fram under videoen)

– Nest best er ikkje godt nok

Satsinga til Kongsberg er tredelt;
1. Digital
2. Maritim
3. Forsvar

– Der vi lykkast er der vi er verdsleiande. Det har vist seg at det ikkje held å vera nest best i dei bransjane vi opererer i.

Maritim er ein stor sektor med 7.400 tilsette og 15,5 milliardar i omsetnad i fjor. Kongsberg er òg i tet på djupe hav, blant anna med sonarteknologi, og leverer for éin milliard til romfart.

– Vi er involverte i alt frå oppskyting til elektronikk på satellittar og nedlasting av data.

– Men alt vi driv med er direkte eller indirekte knytt til havet, sa Håøy og ramsa opp transport, energi, tryggleik, klima og sjømat.

– I dag er berre 2 prosent av næringsinntaket vårt frå sjøen, her ligg eit enormt potensiale, og vi snakkar ikkje berre om laks. Men det klart at vi må gjera ting på nye måtar i framtida. Heldigvis har vi i over 200 år vist at vi har ein kultur for å vera dyktige på omstilling.

Saman som «oss»

Lønsam drift er hovudvilkår for å sikra trygge arbeidsplassar over tid. Status for avdelinga på Ulven skal vera god.

– Omsetnad og lønsemd har ikkje blitt delt inn per avdeling hos oss, men per produktgruppe, derfor er det vanskeleg å seia eksakt kva omsetnad vi 40 på Ulven genererer. Styremaskinene våre har, som resten av bransjen, vore prega av nedgangen i olje- og gass, men er òg ein produkttype som tidleg merka det då pilene peikte rett veg igjen, seier visepresident i Kongsberg Maritime CM AS på Os, Morten Bjørke Thuen.

Konserndirektøren la vekt på framtida og fordelane dei no skal ha av å vera i same konsern.

– Det er ikkje lenger «de» og «oss», no skal vi vera saman som «oss». Vi skal dela kompetansen vår på tvers av fleire fag og fokusområde, ting vi tidlegare har halde hemmeleg for kvarandre, for vidare optimalisering av produkt og drift, sa Håøy.

– Kongsberg har god kultur for samarbeid og fri flyt av teknologi og kompetanse innan alle fag, med det som er underlagt tryggleiksklarering som unntak, naturlegvis.

Fredag blir nytt allmannamøte, leia av Knut Hovland, for å konkretisera dei første trinna i samarbeidet med ulike avdelingar internt i konsernet.

Fleire saker