Lokal | 04. mars 2018

Delar av brønnen blei tømt inn i bustaden

Brønnen ligg høgare enn huset. Då inntaket blei skadd av frost blei kjellaren fylt med vatn.

Delar av brønnen blei tømt inn i bustaden
(ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 04. mars 2018 20:41

I helga har Os brannvesen vore ute på to vasslekkasjar i private bustadar - begge grunna frost.

– I går var vi i ein tomannsbustad på Skeie. Uttaket til vaskemaskina hadde frose, noko som igjen førte til skade og lekkasje frå røret, fortel varabrannsjef Arne Monsen.

• Les òg: Vasslekkasje på Lunde barneskule (fredag)

Søndag i 18.30-tida rykte brannvesenet ut til Hegglandsdalen.

– Her hadde det kome rundt 6000 liter vatn inn i huset, det var vatn i heile kjellaren.

Brønn med fall

Bustaden har vatn frå eigen brønn, og brønnen ligg «eit stykke oppe i lia».

– Det ser ut som om inntaket til huset er skadd av frost. Med fall frå brønnen kom det store mengder vatn inn i bustaden.

– Då vi kom til staden rann det vatn ut grunnmuren, fortel Monsen.

Kjellaren er no tømt og avfuktarar står og går. Brannvesenet reiste frå staden i 20-tida.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.