Lokal | 25. feb. 2021

Deler ut 6,1 millionar til næringslivet i Bjørnafjorden

Regjeringspartia sa ja til Frp sitt forslag.

Deler ut 6,1 millionar til næringslivet i Bjørnafjorden
Helge André Njåstad. (Pressefoto: Stortinget)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. feb. 2021 14:27

Regjeringspartia og Frp blei før helga einige om ein krisepakke på 1,75 milliardar kroner, delar av desse som koronastøtte til næringslivet.

Av denne milliarden kjem 6.076.661 kroner til Bjørnafjorden kommune.

– Formålet er å gjera kommunane betre i stand til å finansiera ei beredskapsordning ved akuttsituasjonar. Regjeringen sitt forslag om to gongar 500 millionar er auka til totalt 1.750 millionar, seier Hans Andreas Limi, FrPs finanspolitiske talsperson.

– Bergensregionen har saman med Austlandet vore hardast ramma av nedstenging, så dette er viktige midlar, legg stortingsrepresentant Helge André Njåstad (Frp) til.

Tapt varelager blir tatt inn i kompensasjonsordninga frå mars. Midler som blir betalt ut i denne ordninga kjem ikkje til fråtrekk i andre kompensasjonsordningar.

Måndag såg førebels fordelingstabell sånn ut for Vestland:

Bergen ca 70 mill
Øygarden ca 10 mill
Askøy, Bjørnafjorden og Alver med ca 6 millionar kvar.

– No må pengane koma raskt fram til dei som treng dei, seier Ove Trellevik (H), medlem av kommunal og forvaltningskomiteen.

Ove Trellevik. (Pressefoto: Stortinget)
Ove Trellevik. (Pressefoto: Stortinget)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.