Næringsliv | 29. okt. 2020

Deler ut gratis lykter til allehelgensdag

Os Gravferdsbyrå ønskjer å skapa lys i ei mørk tid.

Deler ut gratis lykter til allehelgensdag
Jorunn Moberg og Agnethe Øvreeide i Os Gravferdsbyrå delar ut gratis lykter til Bjørnafjordingane. (Foto: Ørjan Håland)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandtorsdag 29. okt. 2020 09:56

Os Gravferdsbyrå har hamstra inn mange lykter som dei no ønskjer å dela gratis ut til innbyggarane.

– Skal vi vera heilt ærlege, så har vi kopiert denne ideen frå eit firma på Austlandet, vedgår gravferdkonsulent, Agnethe Øvreeide i frå Os Gravferdsbyrå.

– Vi ønskjer å bidra til å spreia litt lys i mørket. I tillegg er det jo Allehelgensdag på søndag, og det er jo ein dag kor vi skal minnast dei som har gått bort. Då passar det godt å få satt lys på gravane, seier Agnethe.

Dagleg leiar i Os Gravferdsbyrå, Jorunn Moberg, er ei som sjølv set stor pris på lys i mørket.

– Dei fleste er glad i å tenna lys i desse tider kor det er litt mørkt. Eg ser jo spesielt hvis ein står ved Tanngarden og ser oppover gravplassen, så er det ei vakker skue å sjå alle dei flotte lysa, seier Jorunn.

Os Gravferdsbyrå delar ut gratis lykter til Bjørnafjordingane. (Foto: Ørjan Håland)
Os Gravferdsbyrå delar ut gratis lykter til Bjørnafjordingane. (Foto: Ørjan Håland)

Ny tradisjon

Denne utdelinga av gratis lykter skal heller ikkje bare vera eit eingongstilfelle.

– Vi håpar jo på å kunne skapa ei ny tradisjon ut av dette, og vil difor gjera det til neste år også. Så no må ikkje folk vera redde for å koma og ta seg ei gratis lykt, seier Jorunn.

Trass eige skilt som oppmodar til å ta med seg ei gratis lykt, kan det vera rom for at folk ikkje vågar å forsyna seg.

– No har vi sett bordet utanfor inngangen vår, dette for å respektera smittevernet, men også for at det skal vera enkelt og ta med seg ei lykt. Det kan jo sikkert opplevast som litt ubehageleg å berre ta ei lykt og gå, men vi har skrive ein plakat som oppmodar til nettopp det. Men det er fleire som bankar på døra og varslar at dei tek med seg ei lykt og takkar i sama slengen, seier Agnethe.

– Viss vi blir fort tomme for lykter, så er vi førebudde på å gå og kjøpa fleire. No kjem det til å vera mogleg å plukka med seg gratis lykter i dag, fram til kl.14.30. Kanskje det blir mogleg i morgon òg, ein får berre følgja med, seier Jorunn.

Os Gravferdsbyrå delar ut gratis lykter til Bjørnafjordingane. (Foto: Ørjan Håland)
Os Gravferdsbyrå delar ut gratis lykter til Bjørnafjordingane. (Foto: Ørjan Håland)

Ei tid for å minnast

Ikkje berre har kveldane blitt mørkare, særleg etter at vi i helga skrudde klokka tilbake til normaltid, søndag er det første søndag i november, og allehelgensdag (dagen etter all hallows eve, halloween).

Dagen sitt namn tilseier at den handlar om helgenar, men det er òg ein minnedag for dei døde, skriv Den norske kyrkja på sine heimesider.

I innleiinga i informasjon om dagen, skriv dei første vers av salme 274 (tekst: Svein Ellingsen)

De som gikk foran oss, dem vil vi minnes
her i Guds hus, hvor en dør står på klem
inn til et glimt av den kommende verden;
de som gikk foran, vi tenker på dem!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.