Lokal | 08. des. 2015

Deler ut julekorger i år òg!

Initiativet frå i fjor vert vidareført. Mange gåvmilde sjeler har allereie meldt si støtte.

Deler ut julekorger i år òg!
Maren Engelsen med sonen Lionell med nokre av gåvene som er komne inn til prosjektet på Ringo. (Foto: CV)
Cathrin Valestrandtirsdag 08. des. 2015 12:28

I fjor sto Birte S. Pedersen åleine om initiativet, som skapte eit renn av gjevarglede i Os.

I år har ho forsterka laget med fire gode hjelparar: Maren Engelsen, Gry Andersson Offernes, Irene Særvold Halvorsen og Charlotte Høyerholt Johannesen.

– Det er Birte som har stått for initiativet i år også, og facebook-gruppa vår «Julekorger 2015» veks stadig. Eg vil gjerne oppfordra folk som er interesserte i å bidra til å melda seg inn, så får dei oppdatert informasjon etterkvart, seier Engelsen.

– Det er veldig rørande at så mange ville hjelpa i fjor, og mange har meldt seg i år allereie.

Meir organisert

– Vi er litt meir strukturerte år. I fjor kom folk på døra til Birte til alle døgnets tider, men i år vert det betre. Vi har fått låna Torvholo i kjellaren på Nore Neset Aktivitetshus. Der vil vi ha innsamling 14. og 15. desember, og vi har ope heile dagen frå 10 til 20. Planen er å få køyrd ut gåveposane 16. desember.

I fjor tok Robert Kastad eit fantastisk initiativ og samla inn gåver og pengar frå næringslivet.

– Det var heilt supert! Tusen takk til alle verksemder som gav i fjor!

– Vi håper sjølvsagt at nokre vil vera med å bidra i år også. Vi ønskjer oss helst gåver, så slepp vi å reisa rundt og handla for dei pengane som kjem inn, seier ho.

Alt vert sett pris på

– Vi treng mange posar. Ein del til einslege menn, og vi treng mange til familiar. Nokre vil gjerne ikkje gje ein heil pose, men mindre gåver, og det tek vi sjølvsagt også imot, og fordeler utover. Det einaste vi vil poengtera er at vi ikkje kan ta imot ferskvarer. Det er grunna haldbarheit og oppbevaring, seier Engelsen.

Forslag til innhald vart publisert på facebook-gruppa i går: kaffi, nøtter, juice, saft, vakuum pakkede rundstykker, snop, nugatti, oboy, rett i koppen, div hermetikk, risgrøt, twist, gløgg m gløggmix, poser med ferdig bolledeig (f.eks toro sine) og toalettartiklar er blant forslaga.

- Kaffikopp frå bensinstasjonar for 2016 er også ein idé, det er jo ein del som frys i vinter og hadde hatt god bruk for gratis kaffi. Elles er strikkelabbar, panneband, lue og sjal alltid populært!

Gode samarbeid

– Vi vil gjerne minne om at Ringo har same avtale som i fjor, med 20 % på gåver til dette prosjektet. Då er det berre å opplyse i kassen at gåva er til oss, og leggja att gåva i ei kasse som er sett ut i butikken. Dersom nokon heller vil gje ei gåve her enn ein julepose er dette også veldig ønskeleg, det er ein del familiar som ikkje har høve til å gje borna julegåver, så det å få ein leike er jo veldig kjekt. Uansett korleis du vil bidra og med kor mykje, er det supert!

Julekorg-jentene samarbeider med både «Hjelp til å hjelpe» og andre lokale krefter.

– Fokuset vårt er å hjelpa i nærmiljøet vårt, og gje ei betre jul til nokon som treng ei oppmuntring. Og dersom nokon sit og kjenner på at dei kunne trenge ei hjelpande hand no til jul kan dei ta kontakt med Birte eller meg. Og det er sjølvsagt heilt konfidensielt, seier Maren.

Ingen hårete mål

I fjor vart initiativet ein braksuksess, og målet på 40 posar vart mangedobla. 184 posar køyrde Birte og sonen ut med i fjor.

– Vi har vel ikkje sett oss noko voldsomt mål. Det er alltid nokon som treng det, så vi er ikkje uroa for å få for mange. Det einaste vi har sagt, er at vi treng ca 40 - mesteparten til menn - og med interessa som har vore allereie tenkjer eg at vi er godt på veg! Men no håper vi at folk stiller opp i år også, og så langt ser det lovande ut, avsluttar Engelsen.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.