Næringsliv | 12. des. 2010

Delikat pitstop

Ferskvaredisk med lunsjrettar og påkosta pannekakerøre - Joker Søfteland er meir enn berre ein lokalbutikk.

Delikat pitstop
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 12. des. 2010 08:07

Det er fleire lokalbutikkar i Os som byr på noko ekstra, frå skillingsbollane i Hegglandsdalen til bollane og pizzaen som flyg ut dørene på Bunnpris Vedholmen Landhandel sommarhalvåret.

På Søfteland har dei pannekaker, pannekaker som det har gått gjetord om i lang tid.

- Når røra smaker god så blir pannekakene gode, det er ikkje verre enn det. Og røra vår er påkosta, så vi tener litt mindre per pannekake. Men til gjengjeld går dei unna, seier kokken Kenneth Milde.

Han fortel om pannekakeentusiastar som har blitt fast kunde, folk frå Nesttun som kjører til Søfteland for å handla og mange som skal med ferje som stoppar for å kjøpa med seg middag til ferjeturen.

Joker Søfteland sel 60 til 80 pannekaker per dag.

Tok turen til Duddun
Før Milde hamna mellom hyllene på Søfteland dreiv han kafé i Åsane Senter. Omlegging i senteret gjorde at han blei tvungen til å endra driftsform, noko verken han eller kundane i senteret likte.

- Eg la ned i 2006, men heldt fram med catering. Så tok eg turen til kusina mi på Søfteland og vi blei einige om å prøva noko nytt i butikken hennar.

Kenneth fekk jobb hos Gudrun «Duddun» Elisabeth Sandven Lindborg, og bygde om eit mellomlager til kjøkken og ferskvareavdeling.

- Vi starta med pannekaker, grilla kylling og nokre gryter, seinare har vi utvida med fleire varer, fortel kokken.

Med fat frå Fana
Det er ikkje berre pannekakene som lokkar, ferskvaredisken byr middagar og lunsjrettar som lange, saftige fajitas.

- I starten var ferskvaredisken ei positiv overrasking for lokale kundar, men dei siste to åra har det tatt av med folk frå nabobygder og pendlarar og yrkessjåførar som har fast stopp hos oss.

- Kvar torsdag har vi raspeballar, og vi har kundar som kjem frå Fana med store trau for å handla ferdiglaga middag til heile familien.

Når det er ledig tid tar Kenneth imot cateringbestillingar.

- Kapasiteten på kjøkkenet er god, eg har kundar som har bestilt middag til over 200 i same slengen no før jul.

- Men eg er varsam med kor mykje eg tar på meg, det må bli tid tilpannekaker òg, seier Kenneth Milde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.