Forfattar Åsmund Lien med boka som blir lansert laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Delikat servert av Åsmund Lien

Matproduksjon og lokalsamfunn frå 1867 til 2017: Jubileumsboka om Os Bondelag er ferdig.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Torsdag kom boka frå trykkeriet, laurdag er det lansering hos Libris. Der blir forfattar Åsmund Lien å treffa.

Forleggar og oppdragsgjevar er Os Bondelag. Fotograf Vidar Langeland, som ser ut til å vera den som har bidrege med flest av dei nyare bilda som er brukt i boka, har òg stått for utforminga av «All kultur er dyrken..»

– Bøndene opplevde store endringar i andre halvdel av 1800-talet. Nytt utstyr, nye plantesortar og nye dyreartar endra landbruket radikalt. Samtidig var det folkeauke og urbanisering, byane trengte meir mat og landbruket rundt byane gjekk frå naturalhushald til pengehushald.

• Videoreportasje: Midtsiden besøkte forfattaren då manuset var ferdig

Forfatteren av boka, som blir gjeve ut i samband med at det er 150 år sidan bøndene i Os byrja å organisera seg, er opptatt av marknaden, økonomien, ja, heile samfunnssituasjonen frå periode til periode.

– For å forstå historiane frå gardane er det til god hjelp å òg forstå tida dei levde i, både kva som skjedde andre stadar i landet og korleis samfunnet i Os utvikla seg. Eit døme er Osbanen, som reduserte reisetida mellom Os og Bergen frå fire til to timar. Brått blei det mogleg å selja fersk mjølk til bergensarane. 

Boka som kom ut til bondelaget sitt 100-årsjubileum har vore ei god kjelde, men ikkje noko meir.

– Boka frå 1967 handla så og seia utelukkande om kva som skjedde i Os Bondelag, om det indre livet i bondelaget. Eg ville laga noko meir enn ei bondelagssoge og har hatt mykje arbeid, også om dei første 100 åra.

To delar - ulik sortering 

Lien har delt den 123 sider tjukke boka i del 1 og del 2, der første del er 33 sider om dei første 100 åra etter at «Fane og Os Landmandsforening» blei stifta.Mellom kapitla er eigne «rammesaker», frittståande historiar med eigen bakgrunnsfarge og tre, i staden for to, spalter.

– Del 1 er kronologisk, del 2, som går frå 1960-talet og fram til i dag, er delt inn meir tematisk, forklarer Åsmund.

I første del kan vi lesa om dei store endringane, om dei første meieria og om livet på gardane i Os for 50 og 100 år sidan.

I andre del, der dei siste 50 åra blir skildra, er boka delt inn i kapittel om HMS, bonden sitt ve og vel, frå ferie til tryggleik - og inntektsutviklinga, det faglege arbeidet og om dei som har vore i bøndene si teneste.

Skrivefør tante på 103 år

I redaksjonsnemnda har Lien hatt med seg Eivind Moberg, Hans Magnar Eide og Olav Botnevik.

– Dei har gjeve meg frie tøyler, men dei har vore gode å ha til å skaffa stoff til boka, og i tilbakemeldingane på disposisjonar og tekstar etterkvart som eg har presentert desse.

– Har du nokre muntlege kjelder?

– Nesten ingen. Men eg har mykje god litteratur, både som eg hadde frå før og som eg har fått tilgang på. Og så har vi jo alltids «Hakkespettbokjo», seier Åsmund og humrar litt av sitt eige kallenamn på internettsøkemotoren Google.

Ei kjelde som kunne vore muntleg, som sjølv har kome med skriftleg bidrag til boka, er Åsmund si 103 år gamle tante, Aslaug Lien Aadland, som fortel om livet som småjente på Lio.

– Eg hugsar kva Aslaug ønskte seg då ho fylte 98 år; nytt fargeband til skrivemaskina, fortel Åsmund, glad for at den kloke, gamle tanta held seg så frisk til sinns.

Fengande innhald - smakfull presentasjon

Underteikna har ikkje lese heile boka. Eg har heller ikkje hatt ambisjonar om å trilla terning på forfattaren. Men eg kan seia litt om førsteinntrykket etter å ha bladd i «All kultur er dyrken..»:

Formatet, skrifttype, bildebruk og sorteringa av innhald er smakfull, den innbyr til å bla i boka.

– Nokre kapittel er frå periodar eller tema som vi hadde lite bilde til, mens til andre hadde vi mange fotografi som passa. For å unngå fleire samanhengande tekstsider, eller fleire sider på rad med bolkar av bilde, har vi spreidd bilda utover i boka. Bilda står likevel godt til teksten som er rundt, seier forfattaren.

Når du først byrjar å lesa blir du fanga av setningane til Lien. Han har tydelegvis ikkje berre sans for god setningsoppbygging, men òg for pedagogikk. Du lærer mens du les, og du får lyst til å læra meir. Vi trur mange vil ha både hygge og nytte av denne boka om matproduksjon og samfunnet i Os sidan midten på 1800-talet.

Lansering med fjøsnisse og bålpanne

Også oppdragsgjevar Os Bondelag er nøgd med resultatet.

– Det blei meir «bok» enn eg hadde sett for meg. Det var heile tida eit ønskje om at boka skulle bli god lesing også for folk utanfor bondelaget, men både Åsmund sitt innhald og Vidar Langeland si utforming har gjort boka endå meir publikumsvenleg, synest Olav Botnevik frå Os Bondelag.

Inntektsutviklinga i jordbruket, og kampen om arealet, har fått mykje plass i andre del av boka. Desse emna har vore vesentlege både for bøndene og resten av samfunnet.

– Her synest eg Lien på ein veldig god måte skildrar det store riksdekkande spelet som Os Bondelag er ei lita brikke i. 

Laurdag er det lansering. Forfattaren blir å treffa på Osøyro Libris, det blir òg representantar frå Os Bondelag.

– Etter årets utvida versjon av Bondens Dag, det store fårikålmåltidet og vår eigen fest i Oseana, ser vi på dette som ei fin avrunding av 150-årsjubileet vårt, seier Botnevik.

Bondelaget stiller med bålpanne og deler ut grilla pølser frå klokka 12 til 14 laurdag. Det er òg mogleg at fjøsnissen dukkar opp.

Fleire saker