Kultur | 29. juni 2011

Delikate dagar

Gresk oliven, italienske småkaker, ost frå Holland og spansk paella – Os sentrum blei i dag fylt opp av ein eksotisk marknad.

Delikate dagar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. juni 2011 14:36

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 8
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Torsdag startar dei tradisjonelle marknadsdagane i Os, onsdag var European Market på plass med utstillarar frå blant anna Frankrike, Italia, Spania, Hellas og Nederland.

– Vi var i Noreg i fjor også. I år har vore på Lillehammer og på Nesttun. Etter Os går turen vidare til blant anna Alta, fortel Giada Dänna frå Barcelona.

Dänna sel paella til svoltne osingar, men hadde ikkje så mange å servera denne våte onsdagen.

– Eg har høyrt at det skal bli finare vêr frå torsdag av, vi trur denne helga på Os blir fin!

Hollandske favorittar

Rundt 10 bodar er på plass på Osøyro, fleire skal ifølgje dei andre utstillarane kome i løpet av torsdag og fredag.

Men utvalet spenner allereie frå gresk oliven, italienske pølser og småkaker, engelsk sjokolade og ostar frå Holland.

– Frankrike er nok mest kjent for ost, men mange av dei mest kjente ostane kjem frå Holland, seier Branco van Wissen.

Han har eit stort bord fylt med mange ulike typar.

– Nordmenn sine favorittar, om eg skal rangera dei tre som sel best, er Creamy Gouda, Cuminseed, elles spisscumin, som nordmenn kallar den, og Maasdammer.

– Men nordmenn er heller ikkje redde for å prøva noko nytt, legg han til, og kappar opp noko grøn pesto med basilikumsmak.

Les òg:
- Aldri vore noko så stort på Os

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.