Kultur | 14. des. 2020

Delte ut bålpanne til fire barnehagar

– Vi er glade for både gåva og engasjementet, seier Helene i Banktjørnhaugen barnehage.

Delte ut bålpanne til fire barnehagar
Linda og Kjetil frå Bergen Byggplan og BODA delte ut fire bålpanner i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 14. des. 2020 13:32

Bergen Byggplan AS, som i november blei første forhandlar for BODA i bergensområdet, har allereie selt sitt første Bodahus.

– Det første Bodahuset på Vestlandet skal byggast i Strøno, seier dagleg leiar Kjetil Hjelle.

Før jul ville dei gjera noko for andre, og samtidig skapa litt engasjement på eigne Facebook-sider, så dei kjøpte inn fire bålpanner til utdeling.

Dei fire som fekk flest tomlar opp fekk kvar si bålpanne.

– Det var i utgangspunktet ein konkurranse for barnehagane i Bjørnafjorden kommune, men det hamna inn ein nominasjon frå ein osing med unge i ein barnehage i Bergen. Vi såg det ikkje før det var for seint å ta den ut av avstemminga, men dei får sikkert glede av bålpanna si dei òg, seier Linda Hjelle.

I dag var det utdeling til alle fire.

Sto høgt på ønskjelista

Turen gjekk til Os barnehage, Espira Ulvenvatnet og Banktjørnhaugen barnehage.

– Vi har ikkje bålpanne frå før, og ønskte oss dette, så no blei vi glade, seier pedagogisk leiar på småbarnsavdelinga, Helene Kjærland.

Barnehagen laget ofte bål. Bålet er ikkje berre i bruk til kos eller pinnebrød, men til å laga noko å teikna med!

– Det var eit prosjekt der vi la pinnar i ein boks og la på bålet. Dette blei det kolstiftar av, som ungane teikna med etterpå, fortel pedagogen.

– Har ein fin plass

Kjetil og Linda fortel at ingen av barnehagane som har fått bålpanne hadde dette frå før.

– Her i Banktjørnhaugen er vi imponerte over engasjementet som foreldregruppa viste. Vi er ein ganske liten barnehage, men fekk mange stemmer! seier Helene.

Delar av barnehagen ligg på naturtomt, og på tomta er det allereie ein fin plass for bålpanna. (Foto: KVB)
Delar av barnehagen ligg på naturtomt, og på tomta er det allereie ein fin plass for bålpanna. (Foto: KVB)

Barnehagen ligg vegg i vegg med Osmarka, men bålpanna blir nok ikkje bagasje under utflukter i skogen.

– Vi har ein fin plass på toppen av tomta vår, med benkar i ein hestesko. Vi ser nok for oss at det kan bli ein fin plass å setja bålpanna.

– Så kan vi heller bera den ned på flaten om vi skal ha foreldre på besøk til grilling.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.