Delte ut premiar for 26.000 kroner

Bjørnafjordtrimmen: Måtte avlysa medlemsmøte - køyrde digital trekning.

Digital trekning. Styremedlem i Os Turlag, Espen Monclair, leia torsdagens trekning på Facebook. (Skjermdump: Os Turlag/ Facebook)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighsøndag 15. nov. 2020 15:52

Bjørnafjordtrimmen 2020 vart nyleg avslutta. Den app-baserte turkonkurransen viste tydeleg turgleda i kommunen.

841 deltakarar, og drygt 93.000 innsjekkingar seinare var det klart at Nils Atle Askvik med sine 35.000 innsjekkingar, var den soleklare vinnararen av konkurransen.

Styremedlem i Os Turlag, Espen Monclair, fortel om ein vel gjennomført konkurranse.

– Vi hadde aldri trudd at vi skulle få ein så heftig respons på dette tiltaket. Totalt har 841 personar vore med på Bjørnafjordtrimmen, og då konkurransen vart avslutta hadde det vore 93.531 innsjekkingar på dei lokale turmåla.

– Eg vil nok tru at vi fekk ekstra drahjelp av korona-situasjonen som oppsto i mars. Det har uansett vore ei sann glede å sjå på turgleda i kommunen.

Fellesmøte vart til premie-strøyming

Torsdag denne veka var det planlagt medlemsmøte i Os Turlag og i Fusa Turlag.

Møtet skulle haldast i Fusa, men grunna dei nye korona-innstrammingane vart møtet avlyst.

– Eit punkt på møtet var trekning av gåvekort blant deltakarene i Bjørnafjordtrimmen. Då vi ikkje kunne halda møtet, heiv vi oss rundt og laga til ei strøyming på Facebook-sida til Os Turlag.

Desse vann

Minst 3 turar - Gåvekort på 500 kroner
Beate Moberg
Kjersti Elin Rønvik
Tore Øvsthus
Camilla Aavik
Randi Karin Øvreås

10 ulike turar - Gåvekort på 800 kroner 
Katrine Alvsvåg
Alfred Johannes Vindenes
Gunnbjørg Søfteland
Ranveig Klingsheim
Svein Inge Brimsholm Hovland
Eli Johanne Håkonsund
Stig Sivertsen
Ieva Vanaga
Javier Tveit
Line Askvik Mikkelsen

20 med flest poeng - Gåvekort på 2000 kroner
Marit Djupvik
Ingvill Bøe Johannessen

20 på flest innsjekk - Gåvekort på 2000 kroner 
Asle Helland
Marit Djupvik

20 med flest turmål - Gåvekort på 2000 kroner
Jan Tore Aakre
Roger Hoel

Fotokonkurranse Instragram - 1500 kroner
Linda M. Dysvik

Ekstrapremie for ekstraordinær innsats - Gåvekort på 2000 kroner 
Nils Atle Askvik

Monclair fortel at alle vinnarane har blitt kontakta via tekstmelding, og at gåvekorta kan nyttast på Amfisenteret på Os eller på Fjord'n Senter i Fusa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.