Roald Søviknes, Stein Åge Kremener og Steinar N. Olsen fekk kvar si klokke av Tore Håkon Riple. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Roald Søviknes, Stein Åge Kremener og Steinar N. Olsen fekk kvar si klokke av Tore Håkon Riple. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Delte ut tre gullklokker

Roald Søviknes, Stein Åge Kremener og Steinar N. Olsen blei heidra for 25 års innsats hos Marine Constructions og Marine Fabrication.

Kjetil Vasby Bruarøy
02. juli 2016 - 9:57

Under ein sommarfest med middag i Oseana torsdag ettermiddag, blei det gjort særleg stas på tre av dei tilsette hos Os-bedriftene Marine Fabrication AS og Marine Constructions AS.

Bas for sveis- og plate Roald Søviknes frå Lysefjorden, Steinar Nyhammer Olsen frå Os (opprinneleg Landås), som har reist mye på monteringsjobbar i inn- og utland, og Stein-Åge Kremener frå Fusa, som i store delar av tida har vore arbeidande formann.

Let seg ikkje stoppa av indianarar

Riple heldt ein personleg tale til kvar og éin før han takka for innsatsen med blomar, diplom og ei klokke.

– Det er jo eigne skattereglar for slike gåver, så vi har behalde noko av gullet sjølv, sa Riple og hausta latter frå dei drygt 20 gjestane.

– Med nye klokker er det i alle fall ikkje mogleg å stilla for seint på arbeid framover, la han til.

Marine Construction-sjefen fortalte først og fremst om dei gode kvalifikasjonane til dei tre, om jobb i Os og reiser til blant anna Skottland, Canada, Russland, Østersjøen, New Zealand og Australia.

– Alle tre er særs kompetente innanfor mekaniske fag og kan laga nær kva det skulle vera av konstruksjonar.

– Desse tre karane har hatt fingrane i utstyr og konstruksjonar som er i bruk over store delar av verda. Ein gong vi hadde produsert noko som skulle monterast heilt nord i Canada, kom indianarane inn i full fjærpryd og kravde at det blei full stopp.

– Men så var det nokre osingar som ikkje ville gje seg så lett, så vi fekk montera utstyret mens indianarane gjorde ferdig forhandingane med styresmaktene.

– Ikkje tilfeldig at han var invitert

Også ordførar Terje Søviknes stilte med tale og gåve. Han snakka om ny veg, nye næringsareal og nye arbeidsplassar før han gav oppdrettsutstyrsveteranane kvar sin keramikk-oselvar forma av kunstnar Peter Marron.

– Det er ikkje alle som har 25-årsjubileum som får gåve frå Os kommune, men når vi blir invitert og det passar å stilla så er det hyggeleg å kunna få overrekka ei lita gåve, sa Søviknes.

– Ordføraren var svært delaktig i å halda arbeidsplassane i Os då selskapa rundt tusenårsskiftet måtte ha nye produksjonslokale. Det var ikkje tilfeldig at han var invitert, seier Guri Lerøy Riple.

Både Søviknes og Riple var einige om at det er viktig å ha arbeidsplassar innenfor mekaniske fag i bygda, og at det kanskje er mogleg for dyktig ungdom å prøva seg i Industrivegen.

Ei gate med gode idear

Marine Construction AS utviklar og marknadsfører blant anna landbaserte oppdrettsanlegg, flytande stålanlegg og betongflåtar til oppdrettsnæringa. Mykje av utstyret blir produsert i Marine Fabrication sine lokaler i den nye delen av Industrivegen, mellom Bohus og Kuventræ.

Der blir òg avanserte konstruksjonar til kraftverksindustrien og til olje- og gassnæringa produsert. Dagleg leiar i Marine Fabrications, Arnt Søvre, nytta òg høvet til å takka Roald og Stein Åge for lang og god innsats. Han nemnde at han hadde håp om å kunna kalla dei inn ved toppar i produksjonen, sjølv om dei etterkvart trappar ned. 

– Eg og Steinar starta ganske likt, i Jamek for 39 år sidan, seier Roald Søviknes.

– Det har kome fleire gode idear og firma ut frå dei første verksemdene i Industrivegen, og i dei same lokala, seier Steinar.

Han siktar til blant anna Boge som gjekk vidare med Unik, Alutec, som held til i bygget i dag og Marine Construction, der han sjølv jobbar.

– Det har vore spennande og interessante år. For Marine Construction sin del var det veldig godt å flytta inn i nye-fabrikken  nærmare Kuventræ, der har vi det fint! seier dei tre gullklokkemottakarane.

Både Roald, Steinar og Stein-Åge nærmar seg pensjonstilvære, og det ligg an til gradvis nedtrapping.

– Vi blir uansett ikkje arbeidslause når vi går av. Det er både barnebarn, hus, hage, båt og hytte som treng stell, seier Stein-Åge, som kom frå jobb hos Frank Mohn då han for rundt 25 år sidan starta hos Riple.

Stabil arbeidsstokk

Marine Construction AS og Marine Fabrication AS har samla auka omsetnaden frå om lag 50 millionar i 2013 vidare til 105 millionar i 2014 og til om lag 113 millionar i 2015. 

Det har òg vore variasjonar tidlegare, i 2011 var omsetnaden 78 millionar.

Årsresultata har vore stabilt gode alle dei siste åra (rundt 2 til 4 millionar i pluss), det same har arbeidsstokken vore.

– Vi har fleire som har jobba her lenge, både osingar og pendlarar, men det blir nokre år pause til neste gullklokke skal delast ut, seier Guri Lerøy Riple.

– Det er stor etterspurnad etter utstyr til oppdrettsnæringa og våre FarmBase-flåtar. Vi har nyleg tilsett tre nye, unge ingeniørar i den eine avdelinga vår. Det kan bli behov for fleire når Roald, Steinar og Stein-Åge blir pensjonistar, vi får sjå det an etter marknadsutsiktene og ordreinngangen i tida som kjem.

Les meir om

Næringsliv Industri