Lokal | 23. okt. 2019

Delvis stengt i fire veker

Borgavegen vert periodevis stengt frå måndag.

Delvis stengt i fire veker
Borgavegen blir stengt måndag til fredag i fire veker frå neste veke av. (Ill: Os kommune) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 23. okt. 2019 12:22

Grunna gravearbeid vil Borgavegen vere stengd mellom Borgavegen 142 og Hjellevegen 1 A-F (sjå illustrasjon) kl. 9 -14, måndag til fredag i perioden 28. oktober til 29. november 2019.

Dette er det Os kommune som melder.

Gåande, syklande, skulebuss og utrykkingskøyretøy kan passere anleggsområdet, men vi ber om at alle viser aktsemd ved passering.

Gravearbeidet skuldast at Borgavegen skal utvidast med fortau, i tillegg til legging av ny vassleidning. Dette må på plass før Borgafjell barneskule kan byggast.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.