«Dem prøvd!» sa Eggen
Ein liten artikkel om fotballmoro og treffande replikkar.


Tekst: Arnfinn Haga
Då Rosenborg i si tid slo Real Madrid 2-0, var det som vanleg ein pressekonferanse etterpå. Der sa trenaren Nils Arne Eggen:
«Dét ska’ Real Madrid ha, dem prøvd!»
Bodø-Glimt slo nyleg sjølvaste Juventus både på heimebane og bortebane. No er dette laget nord for Polarsirkelen kjent frå pol til pol.
Trenaren er Kjetil Knutsen. Han fekk fyken i Åsane og landa i Bodø. Kva åsabuane no seier om dét sparket, skal me helst vakta oss for å sitera. PC-en kunne ta fyr.
I ein landskamp for mange år sidan leia Noreg 1-0 på bortebane, og det heldt til fløyta gjekk. Tilskodarane laga ein pipekonsert utan like, dei meinte Noreg hala ut tida. Då fem minutt stod att, skulle Nils Eriksen (Odd) sparka ut frå femmeteren. Keeperen Tippen Johansen la ballen til rette og ropte inn i øyra hans:
«Her er det vi to som bestemmer tempoet!»
Det er sagt om Tippen Johansen (Vålerenga) at når han hadde ei treningsøkt, samla det seg fleire hundre fans og såg på. Tippen stilte seg mellom stengene, retta på sixpencen og sa:
«Fyr løs!»
På ein kamp der underskrivne stod nær Brann-målet, opna Brann med hyseballar rundt midtstreken og lite framdrift. Etter fem minutt hauka keeper Oddvar Træen:
«Få fingen ut!»
Trygve Sigvaldsen var i ei årrekkje kaptein på Brann. Med sine lange bein var han ekspert på glidetaklingar. Stundom hamna både ball og motspelar utanfor sidelinja. Ballen kom inn att, men ikkje alltid mannen.
I 1920-åra og vel det var Alexander Olsen sentral både på Brann og landslaget. Han gjekk berre for Zanderen. Den kjende kommentatoren Per Jorsett meinte at teknisk var han den beste i landet og faktisk føre si tid.
I ein hard batalje rauk han over ende slik at buksa vart riven av han. Messingen skein i sola. Han spratt opp att – i skorne og ingenting anna – og leverte ein ball slik berre Zanderen kunne det.




