Sport | 12. feb. 2018

Den beste svømmaren på Vestlandet

Emil Austevoll Harlem tok fem medaljar og blei samanlagtmeister då Os Svømmeklubb stilte rekordsterkt i landsdelsmønstringa.

Den beste svømmaren på Vestlandet
Emil Austevoll Harlem er best på Vestlandet og på topp 10 i Noreg. Her i trening i Osbadet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 12. feb. 2018 08:27

Bildeserie:

Os stilte med rekordmange seks kvalifiserte i LÅMØ 2018. (Privat foto)
Os stilte med rekordmange seks kvalifiserte i LÅMØ 2018. (Privat foto)
Emil tok medalje i alle fem øvingane og blei samanlagmeister. (Privat foto)
Emil tok medalje i alle fem øvingane og blei samanlagmeister. (Privat foto)
1 av 2
Os stilte med rekordmange seks kvalifiserte i LÅMØ 2018. (Privat foto)
Emil tok medalje i alle fem øvingane og blei samanlagmeister. (Privat foto)

I helga blei Landsdels Årsklassemønstring (LÅMØ) for Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane arrangert i AdO Arena i Bergen. Mønstringa er for svømmarar frå 11 til 16 år, som på førehand er kvalifiserte.

I aldersklassane 13 til 16 år er det dei 24 beste i kvar klasse som er kvalifiserte.

Os hadde på førehand rekordmange 6 kvalifiserte: Nora Hanken (2007), Sindre Haarstad (2006), Sondre Førde Valle (2006), Emil Austevoll Harlem (2005), Even Haarstad (2004) og Janne Holm (2004).

I tillegg var Tracy Holm (2007) så nær å kvalifisera seg at då det var sjukdom i 2004-klassen fekk ho òg plass - og Os Svømmeklubb kunne auka til sju deltakarar.

To gull, samanlagtmeister og topp 10 i Noreg

Plasseringsmessig var det Emil Austevoll Harlem som gjorde det skarpast.

Han tok medalje på alle 5 øvingar, og blei i tillegg samanlagtmeister i sin klasse.

Emil tok gull på 100 butterfly og 200 medley, sølv på 400 fri og 200 rygg, og bronse på 200 bryst.

– Han sette store personlege rekordar på alle distansar, fortel pappa og trenar Thomas Harlem.

Tidene Emil oppnådde plasserer han høgt oppe på den nasjonale rankinga.

På lista over dei 100 beste svømmarane i Noreg var Emil frå før rangert på 7. plass. Ny ranking er ikkje klar, men her kan han ha klatra til topp 3.

Alle frå Os med ny bestenotering

Trenarteamet, ekteparet Elin og Thomas, seier klubben har hatt ei fantastisk helg.

– Svømmarane har vore gjennom tre tøffe dagar med konkurransar, og resultata har vore over all forventing.

– Alle har sett personlege rekordar og bite godt frå seg mot dei beste svømmarane frå tre fylke.

Nest høgast rangering av deltakarane frå Os var det Sondre Førde Valle som oppnådde. Han kom på 7. plass på 200 rygg i 2006-klassen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.