Næringsliv | 24. jan. 2014

Den dyraste i Os?

Etter bodrunde gjekk huset opp nesten éin million over første bod. No er huset selt til det som truleg er høgaste pris for ein einebustad i Os til no.

Den dyraste i Os?
Stova i bustaden som denne veka blei selt for 6.675.000 kroner. (Foto: Privatmegleren)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 24. jan. 2014 13:35

Ein bustad i St Hanshaugen er nyleg selt for 6.675.000 kroner, 25.000 kroner over prisantyding, 875.000 kroner over første bod.

– Det er selt dyrare leilegheiter i Os, og det finnest mange bygg og nybygg i kommunen med høgare verdi.

– Men ifølgje systemet vi og dei fleste andre meklarane bruker er dette den dyraste einebustaden som er selt i Os, seier Eirik Runningen frå Privatmegleren Bjørnefjorden.

Runningen, som selte bustaden saman med kollega Herman Brandt, sjekka statistikk tilbake til 1985. Den dyraste einebustadane, utanom den som nettopp er selt, låg på 6,6 millionar kroner.

Stort og nytt nær Os sentrum

Bustaden som skapte rekord i St Hanshaugen, over Stegen og Midtskogvegen nær Os sentrum.

Huset sto ferdig i 2010 og har 343 kvadratmeter bruksareal inkludert ein utleigeleilegheit på 94 kvadrat.

Eigedomen låg først for sal hos ein annan meklar, til ein høgare pris.

– Trass i at huset er stort og fint meinte vi at prisen var sett for høgt. Det viste seg at vi trefte greit, seier Runningen.

Interesserte personar og par frå Os og Bergen kom på første vising og bodrunden kom raskt i gang.

– Den starta på 5,8 millionar og enda på 6.675.000 kroner.

Høg aktivitet etter nyttår

Arild Vikøyr, dagleg leiar hos Privatmegleren Bjørnefjorden, fortel om aukande temperatur i eigedomsmarknaden i Os.

– Vi selte ein dyr bustad på Halhjem i haust òg, så interessa for store, gode eigedomar i Os har vore der ei stund.

– Men mot slutten på 2013 var det litt roleg. Vi hadde blant anna eit hus på Berge der vi hadde to visingar utan at det kom folk.

– Så, i januar, kom det fleire på vising og eigedomen blei selt med éin gong, seier Vikøyr, nøgd med starten på året.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.