Kultur | 15. juli 2015

– Den eine gullkonserten etter den andre

Managementet til Aurora er strålande nøgd med både platesal og den tettpakka sommarturneen. I morgon speler Aurora i Rosendal.

– Den eine gullkonserten etter den andre
Aurora - her under Osfest 2014 - speler i Rosendal i morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 15. juli 2015 10:20

I går spelte ho i London, i dag er det Kristiansand og i morgon er Aurora på scenen i Rosendal - det nærmaste ho kjem heimbygda Os etter den utselte konserten under Bergensfest, og før to planlagte konsertar på Ole Bull Scene i november.

– Eg har sjølv hatt ferie dei siste vekene, men får rapportar inn om veldig godt førehandssal, fleire utselte konsertar og fantastisk framføring av Aurora. Det er den eine gullopptredenen etter den andre, seier manager Geir Luedy frå Made Management.

Turen går vidare til ein serie med konsertar i Storbritannia, Tyskland, Polen og Nederland, med nokre få turar heim til Noreg, blant anna til Vadsø, Bodø, Oslo og Ålesund på seinsommaren (sjå fullt program på aurora-music.com).

Små og store scenar

Sommaren inkluderer alt frå festivalar med publikum på rundt 40.000, til klubbar med plass til 300.

– Vi prøver å finna dei beste, dei som er gode på gjennomføring, har eit fint program og der vi treff det beste publikummet.

Eit eksempel er utselte Green Man Festival i Wales, ikkje der flybillettane er billigast, men med ein spennande lineup. Aurora speler på Green Man 23. august.

– Bestemt og snill

Luedy fortel at det kjem rikeleg med førespurnader, Aurora kunne spelt konsert kvar dag, om ho og managementet ville det.

– Aurora er fersk og ung, klarer ho å setja grenser som gjer at ikkje vekene blir for hektiske?

– Det kan eg lova deg, seier Geir og ler. – Ho er ei bestemt jente, men ho seier alltid ifrå om ting på ein venleg måte, legg han til.

Manageren trur hennar målbevisste veremåte og gode humør, ved sidan av musikken, er hennar viktigaste suksessfaktor.

– Eg har aldri sett Aurora i dårleg humør. Ho er også veldig flink med menneske.

Eksepsjonelt god omsetnad

I mai kom Aurora sin debut-EP, i juni kom Katy Perry backstage til Aurora etter konsert i LA.

– Er de nøgd også med musikkomsetnaden?

– Ja, den er heilt eksepsjonell. Aurora har til no 10 millionar, nei, vent litt - 12 millionar streams av dei 5 låtane som ligg på Spotify.

– Kva er det neste som kjem?

– Det kan eg ikkje seia. Men det kjem nok ganske snart, fortel Luedy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.