– Den første i sitt slag

Jonny Garvik har erstatta arbeidsbåten «Kursken» med eit nesten kvadratisk nybygg med tre skrog.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 08. nov. 2011 11:31

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 8
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

– Det er fleire fordelar med tre skrog. Du får ein brei båt som samstundes er stiv og stabil, og du får drift i midterste skrog, så du slepp propellar ytst på hjørna, som kan vera utsette plassar for ein arbeidsplass, forklarar Eivind Røttingen.

Vi møtte han om bord på Hargun-medeigar Jonny Garvik sin nye båt, trimaranen «Tørris», som i helga kom frå Polen til Stord og vidare til Os og kaien på Sundøy.

– Eg ville heller kjøpa nytt enn å driva å legga ut mykje pengar på den ombygde sjarken «Kursken», seier Jonny.

Først i verda

I 2002 kjøpte Garvik «Kursken», ein sjark han bygde om og dreiv som arbeidsbåt til han selte hausten 2009. Sommaren same år bestilte han trimaranen.

Tre skrog har vore brukt på hurtigbåtar og seglbåtar før, men det polske nybygget til Garvik skal vera verdas første arbeidsbåt av sitt slag, med tre skrog.

Fleire og større oppdrag

– Det vi sakna mest var vinsj. Med «Tørris» kan vi ta fleire oppdrag, blant anna legga ut fortøyingar.

«Tørris» er utstyrt med kran på 80 tonnmeter og 60-tonns vinsj.

Tekniske fakta
Lengde: 14,95 m
Breidde: 11 m
Motor: Volvo D16 600 hk
Thrustarar (sidepropellar): 2 x 90 hk
Fart: 10 knop

«Tørris» har to lugarar, romsleg bysse og toalett/vaskerom.

– Ein draum å reisa på Tysnesfest med?

– Ja, det kan du seia. Vi kan jo arrangera konsert på dekk, ler Eivind Røttingen.

Klar om to veker

«Tørris» kom til Stord på lastebåt frå Polen søndag. Der blei den sjøsett og kjørt heim til Øyane same ettermiddag.

Om to veker, når alt er kalibrert og justert, er «Tørris» klar for første oppdrag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.