Tysdag monterte Cecilie Galtung Døsvig utstillinga «Transitt», med ti store måleri, på Vedholmen Galleri.

Den første utstillinga frakta ho med båt

No ser kunstnar og hyttenabo Cecilie Galtung Døsvig fram til den magiske stemninga Vedholmen Galleri skaper på vernissasjane sine.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Cecilie Galtung Døsvig var ganske fersk som kunstnar, og Vedholmen Galleri var berre tre år gamalt, då Cecilie i 2003 stilte ut på Vedholmen for første gong.

– Det var mi tredje soloutstilling og mi første utanfor Bergen. Eg hugsar eg likte så godt at det var kome eit galleri som skapte endå meir liv på kaien og på loftet over landhandelen, seier Galtung Døsvig.

Familien hennar har hatt hytte i Øyane i nokre genrasjonar, og ho har sjølv hatt feriane sine i skjergarden i Os i heile oppveksten.

– For det første er eg veldig fan av kunsten til galleristane, og har opp gjennom åra kjøpt ein god del av ekteparet Vibeke (Harild) og Peter (Marron).

– For det andre var det stort for meg å få stilla ut. Dei er så dyktige, og Vibeke er så kvalitetsbevisst og kresen. Eg sendte søknad om å få stilla ut, og kom gjennom nålauget. Det var ei ære for meg.

– Ein vernissasje som har alt

Sidan har det blitt ein serie med utstillingar, både for Vedholmen Galleri og for Cecilie Galtung Døsvig. For tre år sidan fekk ho stilla ut i New York.

– Det kom brått på, men var veldig gøy! Eg fekk ein epost frå Agora Gallry i Chelsea. Dei hadde sett måleria mine på heimesida og inviterte meg til å stilla ut. Eg stilte ut fire store måleri og to trykk. Det blei fantastisk oppleving!

Laurdag er det vernissasje på Vedholmen Galleri for Galtung Døsvig si tredje solouststilling på 15 år.

– Dette gler eg meg alltid til, også når det er andre utstillarar. Med musikk, talar og lett servering - og somoftast stinn brakke, blir det ei heilt unik stemning på desse utstillingsopningane, synest kunstnaren.

Denne laurdagen er musikken minst like kortreist som kunstnaren, Mathias Keilegavlen Nygård og Ole Henrik Risøy Solheim, elevar ved Kongshaug Musikkgymnas, skal spela gitar og synga.

Vil unngå å vera trendy

Til den første utstillinga til Cecilie blei kunsten frakta med båt, frå hytta til Vedholmen Landhandel og opp på loftet.

– Det var ei veldig maritim utstilling, med måleri av blant anna blekksprut, skate og ein makrell delt i fire. Makrellen fekk mykje merksemd og blei selt med éin gong.

No har Cecilie ateliér heime i Bergen. Galleriet flytta for ti år sidan frå butikken på Bruarøy til «Hargun-naustet» på naobøya Sundøy.

Tysdag blei utstillinga montert - 10 store måleri prydar veggane i galleriet. Utstillinga heiter «Transitt», om menneske si reise, og med motiv som sankthansfeiring og morgonbad.

– Er morgonbad fast rituale på hytta i Øyane?

– Nei! Ikkje for meg! Men eg står gjerne på kaien og ser når mannen min tar ein morgondukkert. Og opplevingane mine i skjergarden er framleis med på å inspirera meg.

Dette skriv kunstnaren sjølv om utstillinga:

«Jeg fanger inntrykk og tolker menneskers forskjellige relasjoner. Ved hjelp av tradisjonelle virkemidler som fargebruk, lys og penselsstrøk, ønsker jeg å uttrykke den rette atmosfæren. Alt fra en drøm, en følelse eller en spesiell stemning. Det abstrakte uttrykket påvirker betrakteren og gir også rom for ulike tolkninger og assosiasjoner fra egne opplevelser og erfaringer.»

Harild seier dette om utstillinga:

«I enkelte bilder forsvinner kroppen i omgivelser, natur og vann og gir om mulig et drømmende, håpefullt uttrykk, hvilket flimrende lysglimt i hennes malerstil og teknikk undertreker.»

– Eg føler eg har funne mitt eige uttrykk. Det dukker alltid opp nye trender innan kunst, men dei prøver eg å unngå å følgja, eg trur det ville å påverka meg i retningar som hadde viska ut særpreget, kunsten ville blitt for lik på det fleire andre skaper.