Lokal | 21. okt. 2015

Den første vegen

E39 Svegatjørn-Rådal: Det fysiske arbeidet er endeleg i gang. Først ut er anleggsvegen frå Åsen til Endelausemarka.

Den første vegen
Vassbakk & Stol er i gang med å laga den mellombelse anleggvegen frå Åsen til Endelausemarka (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 21. okt. 2015 09:27

Tysdag 29. september tok ordførar Terje Søviknes det første offisielle spadetaket på Os-sida i samband med ny E39 mellom Os og Bergen, men det virkelege første spadetaket blei tatt tidlegare denne veka då Vassbakk & Stol starta på anleggsvegen frå Åsen på Lyseklostervegen og inn til området i Endelausemarka kor E39 skal koma i dagen mellom Skogafjelltunellen og Lyshorntunellen.

– Det stemmer det, no er entreprenørane i gang med anleggsvegen, stadfestar Geir Brekke, informasjonsansvarleg i prosjektorganisasjonen til Statens vegvesen.

Mellombels veg

Anleggsvegen er ikkje den same som fylkesvegen ein skal etablera i samband med utbygginga.

Den vel éin kilometer lange vegen skal nemleg fjernast att så fort ein har fått gjennomslag gjennom Skogafjellet og fått sikra denne slik at den kan nyttast som anleggsveg fram til opninga i november 2020.

– Anleggsvegen i Endelausemarka skal fjernast og vi skal tilbakeføra terrenget så langt det lar seg gjera til slik det opprinneleg var. Entreprenøren har ein frist på seg til å fjerna den seinast eit halvt år etter fristen for å opna Skogafjellstunnelen for anleggstrafikk.

– Denne datoen er 19. desember 2016, så anleggsvegen skal vera vekke igjen innan 19. juni 2017, fortalde prosjektsjef Sverre Ottesen på orienteringsmøtet Statens vegvesen hadde i Oseana i september.

Sjå òg: Midtsiden si samleside om E39 Svegatjørn-Rådal

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.