Lokal | 19. mars 2011

Den halve krona forsvinn

I 1991 forsvann 10-øringen, no er datoen for 50-øringen sin siste dag bestemt.

Den halve krona forsvinn
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 19. mars 2011 14:15

Førstkomande tysdag skulle Norges Bank, etter eit halvt år med vurdering, senda ut pressemelding om at 50-øringen skal utgå som gangbar mynt.

Men saka blei lagt ut på Lovdata, og snappa opp av Aftenposten, som fredag publiserte datoen 50-øringen utgår; tysdag 1. mai 2012.

Betaler du kontant frå denne datoen blir sluttsummen runda av til nærmaste heile krone, det blir runda ned frå 49 øre og opp frå 50 øre.

- Folk bryr seg ikkje om den

Kvart år blir det prega (produsert, red. anm.) 15-22 millionar 50-øringar for å dekka etterspurnaden. Butikkane må ha dei for å gje igjen rett veksel, men kundane bruker dei sjeldan igjen neste gong dei skal betala med mynt.

- Erfaringar viser at mange let 50-øringen ligga igjen i vekselskåla, dei bryr seg lite om den, seier direktør i Norges Banks avdeling for kontante betalingsmidlar, Trond Eklund.

Fram til 2022

Norges Bank har frå før kvitta seg med 1-øringen (1972), 2-øringen (1972), 5-øringen (1982), 10-øringen (1999) og 25-øringen (1982). Som andre myntar blir det for 50-øringen mogleg å veksla den inn fleire år etter at den er tatt ut av produksjon og handel.

Det ligg truleg store beløp, samla sett, i 50-øringar rundtom i norske sparebøsser, og Norges Bank er pliktig til å ta imot desse i 10 år etter at den er tatt ut, altså til 1. mai 2022, så lenge talet på mynt er deleleg med 100.

Verdt å samla på?

Er du ein av dei som blir blank i auga av nostalgi om du finn ein 25-øring eller ein 10-kronersseddel? Vurderer du å samla på eit lite knippe 50-øringar?

BT.no skreiv i haust ei sak om 50-øringen, der dei stilte spørsmålet om den ville bli verdt noko.

- Eg ville ha veksla inn alle. Det er ikkje noko som utmerkar seg ved dei nye 50-øringane og det er mange av dei, sa Karl Sætre, eigar av Bergens Mynt og Seddelforretning i Loddefjord, til avisa.

Rik blir du med andre ord neppe av å samla på dei. Men det blir du nok heller ikkje av å veksla dei inn.

Visste du at ...

• Norsk krone (ISO 4217) erstatta daler og skilling i 1875
• Den norske krona var del av Den skandinaviske myntunionen (etbl i 1873) frå 1875 til 1914
• Blei knytta opp mot britisk pund i 1931 med rate på 19,9 kroner per pund
• Blei knytta opp mot amerkansk dollar i 1939 med rate på 4,4 kroner per dollar
• Både 1 kr, 2 kr, 5 kr og 10 kr har vore seddel
Kjelde/les meir om den norske mynteininga på: Wikipedia

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.