Lokal | 22. nov. 2015

Den hyggelege bifangsten

Ikkje alle yrkesfiskarane i Os bruker not - Freddy Nordvik fortel om spennande dagar som linefiskar.

Den hyggelege bifangsten
Freddy Nordvik (t.h.) får ikkje berre torsk og hyse, av og til heng det hyggeleg bifangst på kroken, som denne skata på 95 kilo.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 22. nov. 2015 19:42

Bildeserie:

Osingane Freddy Nordvik og Joakim Thuen jobbar på garn- og linebåten Loran.
Osingane Freddy Nordvik og Joakim Thuen jobbar på garn- og linebåten Loran.
Thuen med ein tung torsk.
Thuen med ein tung torsk.
Også Freddy har fått stor fisk. Her på førre båt han jobba på, Fjellmøy.
Også Freddy har fått stor fisk. Her på førre båt han jobba på, Fjellmøy.
– Fiske går rett frå havet til bløgging, gøring og frys - fersk og fin, seier Freddy.
– Fiske går rett frå havet til bløgging, gøring og frys - fersk og fin, seier Freddy.
Ei fredelege stund før 5 timar setjing og 19 timar haling av linene
Ei fredelege stund før 5 timar setjing og 19 timar haling av linene
Mykje går automatisk når du har 60.000 krok, men litt feilretting på krokane blir gjort manuelt.
Mykje går automatisk når du har 60.000 krok, men litt feilretting på krokane blir gjort manuelt.
Av og til får krokane køyrd seg ekstra hardt.
Av og til får krokane køyrd seg ekstra hardt.
Freddy med skate på 95 kilo tatt i sommar.
Freddy med skate på 95 kilo tatt i sommar.
1 av 8

Han var i utgangspunktet tømrar, både for eit større byggefirma i Os og ein kort periode med eige firma saman med ein kamerat.

– Eg ville prøva noko nytt og var heldig som, via nokon eg kjenner, fekk mønstra på MS Fjellmøy, seier Freddy, som i dag jobbar på ein annan line- og garnbåt, MS Loran, saman med ein annan osing, Joakim Thuen.

Fisket skjer langs norskekysten, i Barentshavet og utanfor Shetland og Canada. Torsk og hyse er dei viktigaste artane. I tillegg kjem kvotefrie fiskar som lange og brosme.

– Båten er moderne og effektiv. Her blir levande fisk bløgga med éin gong dei er over vasskorpa for så å gå direkte på frys, fisken blir ikkje så mykje ferskare enn dette med mindre du kastar den rett frå kroken og på steikepanna.

60.000 krokar med agn

Frå slutten av januar til april er det stort sett garnfiske etter sei og noko av torskekvoten. Så byrjar linefisket.

– Vi bruker 5 timar på å setja bruket og går til start for å hala om bord med éin gong det er ferdig sett. Då følgjer 18 timar med å dra lina om bord og få fisken av.

60.000 krokar er fordelt på 60 magasin, kvart magasin med 8 liner. Alle krokane er med agn.

– Det er stort sett akkar og makrell på krokane, men òg sild og sauri (makrellart) blir brukt. Egninga blir gjort i maskin, naturlegvis med litt feilmargin, men det er ikkje mange krokar som går i sjøen utan agn.

Stor frysekapasitet

– Når lina kjem om bord har vi ei praktisk luke rett over vasskorpa. Andre må gjerne løfta fisken høgare og kleppa den manuelt, forklarar Nordvik.

Lina går direkte inn i ein av-anglar, der fisk blir skilt frå krok, bløgga og sendt i blødekar med sirkulerande vatn. Der må den blø seg tom, fisken ligg i karet i minst 20 minutt.

– Turen går vidare til manuell gøring (reinsking) før automatisk sortering etter storleik og art, til skyllekar og rett på frys.

– Vi har større frysekapasitet enn mange andre, frysetida er 3,5 til 4 timar og vi kan frysa opptil 50 tonn i døgnet. Pakking og merking er òg om bord, og fisken blir levert frå båten til marknaden ferdig fryst med emballasje.

Fekk skate på 95 kilo

Det er 16-17 mann om bord under linefisket, rett over 20 når det blir fiska med garn. Freddy fortel om eit godt miljø om bord, og om enkelte fangstar som er meir morosame enn andre.

– Det er jo naturlegvis stas når du får ei kveite på over 100 kilo.

– I sommar var det ein endå meir spennande storfangst på kroken., då fekk vi ei skate på 95 kilo, fortel Nordvik.

Tysdag reiser han ut på neste tur.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.