Samferdsle | 13. sep. 2015

Den korte vegen til litt makt

Susanne debuterte i polikken, tok fylkesordføraren med på tur og vips; så var fartsgrensa nede i 40 km/t.

Den korte vegen til litt makt
Susanne Sperrevik. (Foto:KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 13. sep. 2015 07:33

– Det hjelper å engasjera seg. Til no har lokalpolitikk vore gjevande, og eg har allereie byrja å setja meg inn i fleire andre saker enn den som tok meg inn i politikken.

Susanne Sperrevik kontakta Midtsiden i januar i år for å setja søkjelyset på den farlege skulevegen mellom Buena kai og ungdomshuset i Lysefjorden. Ho sendte òg brev til ordførar Terje Søviknes, men gav seg ikkje der.

– Eg fekk som svar at det ikkje var lett for kommunen å gjera noko raskt, den aktuelle vegen er fylkesveg. Men eg ville ha resultat, så eg såg etter eit parti som hadde nominasjonsmøte og møtte opp.

– Det var nesten sånn. Eg har stemt Høyre eit par gongar, men eg har ikkje stemt ved alle val. Samtidig var eg opptatt av å koma meg inn i eit parti i posisjon, eg ville ikkje sitja å surmula i opposisjon.

Kapra Tom-Christer

Tysdag 25. august var fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H) sin sykkeltur i Hordaland kome innom Os. I forkant inviterte Susanne seg med for å få Nilsen med seg over Fanafjellet og inn i Lysefjorden.

– Dessverre sykla han E39, men eg fekk han med meg på bil- og gåtur i Lysefjorden på kvelden. Vi fekk oss fleire frå partiet og fekk ein god Høyre-tur i området.

Ni dagar seinare var fartsgrensa redusert frå 50 til 40 km/t. Førebels manglar det visst nokre skilt for dei som køyrer ut frå Hellebakkane.

– Er det dette som må til? Valkamp og synfaring?

– Valkampen gjorde nok saka lettare, men Høyre hadde allereie fokus på området, og den kommunale vegen har nyleg fått fartsdumpar. Dessutan gjorde fylkesvegen inntrykk på Nilsen, som er veldig opptatt av trafikktryggleik og samferdsle.

– Uansett er resultatet med på å gjera at eg er nøgd med å ha meldt meg inn i politikken. Mange starta nok på denne måten, med ei enkeltsak dei brydde seg mykje om. Og så går det ikkje lang tid før du kjempar for endå fleire saker i ulike tema.

Vil ha fleire enkle tiltak

Partikollega og leiar for plan- og bygningsutvalet i Os, Ståle Skaathun, seier redusert fartsgrense var eit av fleire strakstiltak som blei nemnt på turen i Lysefjorden 25. august.

– Det er fleire vegstykke i Os som sårt treng gang- og sykkelveg, og som kunne hatt nytte av enkle grep mens dei ventar. Men vi kan ikkje ta alle på éin gong, ein eller annan stad må du byrja, seier Skaatun.

– Vi ser at det ofte skal lite til for at tryggleiken blir betre og vi vil sjå på fleire område som er aktuelle for strakstiltak.

– Det kan vera alt frå å sprenga vekk ein bergnabb der sikta er dårleg eller vegen smal til fartsdumpar, spegl og lys. Med slike tiltak kan ventetida bli tryggare, seier Skaatun.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.