Sport | 13. aug. 2018

Den nye hallen - på innsida

Bildeserie: Onsdag var det overtaking, torsdag opna den nye entreen og innsyn i den nye dobbelhallen.

Tribunen i den nye dobbelhallen på Kuventræ. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 13. aug. 2018 10:17

Bildeserie:

Om to dagar skal hallen bli tatt i bruk. (Foto: KVB)
Halvor Hanevik frå Os kommune overtok frå Christoffer Helland frå Consto Bergen. (Privat foto)
Torsdag opna den nye hovudinngangen. (Foto: KVB)
Osbadet er nesten ferdig med ny resepsjon, kafé og butikk. (Foto: KVB)
Parkeringskjellaren opna fredag. (Foto: KVB)
Direkte tilkomst til Actic, Oshallen og Osbadet. (Foto: KVB)
Inn frå parkeringa og rett til heis, trapp og trening. (Foto: KVB)
Dobbelhallen. (Foto: KVB)
Hallen kan delast i to - og i seks. (Foto: KVB)
Dekorative veggar. (Foto: KVB)
Dagens ungdom slepp ikkje unna ribbevegg dei heller. (Foto: KVB)
Tribune (143 kvm) langs heile kortsidene. (Foto: KVB)
Det er publikumstoalett rett bak tribunen. (Foto: KVB)
Ein av dei 6 nye garderobane. (Foto: KVB)
Dusj. (Foto: KVB)
Toalettet. (Foto: KVB)
Eit av fleire disponible rom. (Foto: KVB)
Eit anna tomt, og uinnreidd lokale.
Om to dagar skal hallen bli tatt i bruk. (Foto: KVB)
Halvor Hanevik frå Os kommune overtok frå Christoffer Helland frå Consto Bergen. (Privat foto)
1 av 18

Consto Bergen er ferdig og huseigar Os kommune har overtatt den nye dobbelhallen på Kuventræ.

– Vi hadde synfaring og overtaking onsdag, fortel prosjefsjef i Os kommune, Halvor Hanevik.

Han er seier han er nøgd med arbeidet Consto Bergen har utført, og med måten Consto og kommunen sin eigen prosjektleiar, Ole-Håkon Sælen, har jobba saman.

Midtsiden var på synfaring torsdag. Sjå bildeserien over.

Fredag var første trening i den nye hallen, ei «uoffisell økt» som Midtsiden kjem tilbake til i eiga sak.

Første dag med organisert trening i den nye dobbelhallen er førstkomande onsdag, dagen før skulestart.

Offisell opning med talar blir det òg, men dato er førebels ikkje bestemt.

• Bildeserie: Den nye hallen frå utsida

Tørrskodd entré frå ny parkeringskjellar

Den nye hovudinnganen kom i bruk frå torsdag i førre veke, frå fredag blei parkeringskjellaren open.

Det er direkte tilkomst frå parkeringsplassen under hallen til kjellaren i Oshallen, ved Actic og garderobane. Ny heis er òg i drift.

Osbadet sin nye resepsjon, kafé og butikk er i ferd med å ta form, men er ikkje heilt ferdig.

Innhald

Bygget er på rundt 54 x 53 meter i grunnflate (2900 kvm), integrert i dagens foajé til Oshallen og Osbadet.
Parkeringskjellaren får 95-100 plassar. Dette er vesentleg meir enn parkeringsplassen som blei ofra for å få plass til bygget. I tillegg kjem 30 nye parkeringsplassar utandørs.

Innhaldet i hallen, over parkeringskjellaren er:

1. etasje
• Nytt inngangsparti med stor foajé
• To fullskala handballhallar til fleirebruk, begge kan delast i tre med skiljevegg
• 6 garderobar (3 herre, 3 dame) med toalett og dusj
• 2 dommargarderobar
• 2 lager (45 og 105 kvm)

2. etasje
• Tribune på 143 kvm
• Teknisk rom 73 kvm
• 4 disponible rom (65, 124, 142 og 222 kvm)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.