Næringsliv | 31. mars 2019

Den nye storstova til Rolf Tveit

Har bygd 300 kvm selskapslokale med proft kjøkken, bar, scene og storskjerm.

Rolf Tveit er nesten ferdig med 2. etasje over Best-stasjonen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 31. mars 2019 08:09

Bildeserie:

Heis er på plass, ny trapp skal byggjast. (Foto: KVB)
Laurdag kveld var det fest for tilsette. (Foto: KVB)
284 kvm med moderne innleiing. (Foto: KVB)
Eigen scene. (Foto: KVB)
Ferdige toalett og nesten ferdig bar. (Foto: KVB)
Godt utstyrt kjøkken. (Foto: KVB)
Garderobe ved entreen. (Foto: KVB)
Discokule og storskjerm. (Foto: KVB)
Heis er på plass, ny trapp skal byggjast. (Foto: KVB)
Laurdag kveld var det fest for tilsette. (Foto: KVB)
1 av 8
Laurdag kveld var det fest for tilsette. (Foto: KVB)
284 kvm med moderne innleiing. (Foto: KVB)
Eigen scene. (Foto: KVB)
Ferdige toalett og nesten ferdig bar. (Foto: KVB)
Godt utstyrt kjøkken. (Foto: KVB)
Garderobe ved entreen. (Foto: KVB)
Discokule og storskjerm. (Foto: KVB)
Heis er på plass, ny trapp skal byggjast. (Foto: KVB)

I dag har Best-stasjonen sin sisteopningsdag før Tveit-familien leiger ut til YX/7-Eleven, i går var det markering med kake til kundane og fest for dei tilsette.

Festen blei arrangert i 2. etasje i stasjonsbygningen, eit 284 kvadratmeter stort lokale som har stått tomt og uinnreidd sidan bygget var nytt for fem år sidan.

– Eg har hatt fleire interessentar på lokalet, men berre på delar av det, og eg ville ikkje innreia lokalet stykkevis, fortel Rolf Tveit.

No har familien bestemt seg for å ha lokalet sjølv, for å driva utleige til bryllaup, konfirmasjonar, bursdagar og konferansar.

Godt utstyrt

Arbeidet med å innreia starta for eit halvt år sidan. Golv, veggar, tak og lys er på plass - det er òg scene, storskjerm og discokule.

Toaletta er ferdige og kjøkkenutstyret er kome, men er ikkje ferdig montert. Det står òg noko arbeid igjen på baren.

– Vi skal bygga ny trapp og nytt inngangsparti. Heis er allereie på plass. Og så skal bruken godkjennast i kommunen før vi kan ta imot dei første leigetakarane.

Gårsdagens selskap var testkøyring med rundt 30 av sine eigne tilsette på fest.

– Eg er jo glad i å arrangera dans og konsertar, så det er jo mogleg at eg finn på noko sjølv, av og til. Elles ligg lokalet her, nytt, moderne og praktisk, nær buss, taxi, kyrkje og resten av Os sentrum, seier Rolf.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod i november

Tilgang til alt innhald i 3 månadar for kun kr 300,-

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Kun kr 300,- i 3 månadar
  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.