Kultur | 23. des. 2016

Den store festkvelden - på den vesle nyttårsaftan

Mykje å velja i, på éin kveld: Blues på Peppes, rock på Ole B og pop-rock på den store romjulsfesten på Nore Neset.

Den store festkvelden - på den vesle nyttårsaftan
Dag Bergesen, Emil Nordtveit og Sven Erik «Svenna» Gabrielsen speler ulike stadar i Os vesle nyttårsaftan. (Alle foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 23. des. 2016 14:22

Fredag om ei veke, vesle nyttårsaftan, står dette på plakatane i Osbygda:

Peppes/Bart: Romjulsblues med Bergen Bluestrain (Dag Bergesen, Steinar Lyssand), Gina Aspens og Leif Østrem som gjestevokalistar og Kai Taule og Magne Trengereid i kompet.
Status, billettar: 300 + 30. Utselt.
Les meir og sjå video frå romjulsbluesen i 2015.

Ole B: Julerock med Verdiløse Menn (norsk rock) og Riff Raff (AC/DC-tribute). Heine, Padden, Leon, Jan-Ove, Tor-Ove, Ørjan og Sven Erik.
Status, billettar: Uvisst.
Les meir og sjå video frå julerocken på Ole B i 2012.

Nore Neset Aktivitetshus: Mighty Magnolias, Byting og Rotlaus,
Status, billettar: Rundt 200 er selt.
Les meir og sjå video frå «Lille nyttårsaften»-festen i 2015.

Rom for alle?

På same kveld brakar det altså laus tre ulike plassar i bygda.

Mens Osfest i fjor plukka opp tråden frå Fjellheim, med storfest vesle nyttårsaftan, har romjulsbluesen på Peppes i år landa på kvelden før nyttårsaftan. Også den tradisjonsrike julerocken på Ole B i Lysefjorden går same kveld.

– Vi fann ingen alternativ, slik jul og nyttår landa i år, seier arrangør på Peppes, Steinar Lyssand.

– Det ser likevel ut til å vera rom for alle, seier Lyssand, og håper billettsalet på Nore Neset går bra.

Osfest-arrangørane har god kapasitet når dei bruker heile hallen i Nore Neset Aktivitetshus, og har allereie selt like bra som i fjor. Då var det 500 gjestar og eit vellykka arrangement med god stemning.

– Det beste hadde vore om vi hadde koordinert på førehand, både for arrangementa sin del, om vi skal laga noko stort i romjula, men òg for publikum sin del, meiner Tor Egil Hylland.

– Det ville vore ideeelt med fleire konsertkveldar i jula, og det at dei ikkje måtte velja. Folk vil ut og treffa folk i jula. Men eg forstår at det er vanskeleg når nesten heile romjula er arbeidsdagar.

Utan artistslepp

For Osfest-arrangørane sin del handlar det i år berre om konsertkvelden, ikkje om festivalen i august neste år.

– Over halvparten av artistane for 2017 er booka, men vi ventar med å gå ut med nokre namn, seier Hylland.

– Vi gler oss heller over at treband speler i Os for første gong, på éin kveld.

Fleire tilreisande gjestar

Dette blir det lokale bandet Mighty Magnolias, som har fått mykje merksemd for debutalbumet som kom tidlegare i år, sin første skikkelege konsert i heimbygda.

– Det trur eg det er mange som gler seg til. Vi ser dessutan at alle banda ser ut til å lokka gjestar frå andre bygder, vi har billettsal både til Førde, Fyllingsdalen, Fana og Lindås.

– Vi trur og håper at desse tre banda, spesielt Rotlaus, også appellerar også til eit litt yngre publikum, seier Hylland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.