Sport | 15. mai 2018

Den store missen og det avgjerande flygesparket

VIDEO: Alle skåringane og nokre av sjansane i lokaloppgjeret mellom Os 2 og Søfteland.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. mai 2018 07:13

Måndag kveld spelte Os 2 heime mot Søfteland.

Os 2 vann til slutt med fire mål, men Søfteland hadde sjansar nok til å utlikna før pause.

Minutta før 1-0-skåringa slo Søfteland ein fin corner. Os-keeper Frode Øvredal vippa den vidare, men hadde det stått folk på bakerste stolpe kunne den blitt heada inn. Rett etterpå har Øvredal ein feberredning på kloss hald etter frispark blei dempa i muren.

Stefan M. Bernsen hadde eit godt mottak rett utanfor 5-meteren, av eit hardt innlegg frå høgresida, men var ikkje i balanse då han fyrte av, og skotet gjekk utanfor.

Men Os 2 hadde òg sine sjansar som ikkje endte i nota. I videoen over ser du nokre av dei.

Som Steffen Kvamsdal sitt flygespark, som han kanskje har lært av veslebror, karatetalentet Sondre, då han punkterte kampen med 3-0 tre minutt ut i 2. omgang.

Os 2 - Søfteland 5-1 (2-0)
Målskårarar, Os: Sander Kvittingen, Alexander Tøssebro, Steffen Kvamsdal, Fabian Bødtker og Egil Thuen.
Målskårar, Søfteland: Simon Aasen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.