Lokal | 06. mars 2019

Denne bilen fekk bruksforbod

Det gjorde også fire andre då vegvesenet hadde kontroll på Halhjem tysdag kveld.

Denne bilen fekk bruksforbod
Tørr svingskive gav bruksforbod for éin av dei kontrollerte bilane på Halhjem i går.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. mars 2019 09:05

Bildeserie:

1 av 2

Statens vegvesen hadde kontroll på E39 Halhgjem ferjekai tysdag kveld.

– Hovudfokus var køyre- og kviletid, vekt, lys, dekk, kjetting og lastsikring på tunge køyretøy, fortel Terje Bødtker i rapporten frå kontrollen.

Det førte til bruksforbod til heile fire tunge køyretøy.

Eitt bruksforbod gjekk til ein bil med gods som stakk utover akseptert breidde, eit anna gjekk til bil med tørr svingskive.

Tre reaksjonar på køyre- og kviletid

Av dei som blei kontrollert for køyre- og kviletid kom det tre reaksjonar.

Éin av dei er meldt til politiet, dei to andre fekk åtvaring, den eine skriftleg, det andre muntleg.

I tilleggblei det skrive ut to gebyr, det eine for manglande vognkort, det andre for manglande kjetting.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.