Lokal | 31. okt. 2016

Denne blekkspruten ville ikkje på land

VIDEO: Sånn såg det ut då familien Sundfjord fiska blekksprut i helga.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 31. okt. 2016 22:37

(Privat video, foto: Henriette Sundfjord)

I helga var Henriette Sundfjord og mannen på hyttetur i Fusa med sine tre born og ein nevø.

– Svigerfar bygde hytte i sommar og heile familien har allereie mykje glede av den, fortel Henriette.

Hytta ligg ved sjøen og søndag var familien på brygga for å fiska.

– Trudde eg hadde sett fast i botnen

Mens pappa Torger fekk ein fisk som var for liten til å bli middag, fekk mor ein større fangst.

– Det er litt grunt ved brygga, så eg trudde først eg hadde sett fast i botnen, at det var noko tang eg hadde på kroken.

Då ho fekk fangsten nærmare overflata såg ho at det var noko levande.

– Eg skjønte ikkje kva det var, men eg skjønte at eg måtte filma, så eg gav stanga til mannen min.

Spruta kraftig stråle med vatn

Ungane, Aleksander (3), Tobias (6), Viola (8) og fetter Lorentz (4) gledde seg stort over fangsten.

Det var dessutan liv i akkaren då han kom til overflata.

I videoen over ser du korleis han svømmer som eit prosjektil ned igjen til snøret blir stramt.

Ungane, foreldra og svigermor Randi hyler, gong på gong, betre blei det ikkje då blekkspruten kom nær nok til å spruta ei kraftig vasstråle på fiskarane.

– Vi fekk den på land til slutt, og fekk kroken laus utan å gjera for mykje skade. Det kan godt hende at dette er god mat, men eg veit ikkje korleis vi tilbereder ein blekksprut, så vi sleppte han ut igjen, fortel Henriette, nøgd med opplevinga familien fekk på brygga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.