Lokal | 03. apr. 2020

Denne leksa fekk læraren til å ta til tårene

– Det var så godt å sjå dei igjen. Eg er stolt, seier danselærar Patricia Langeland.

Denne leksa fekk læraren til å ta til tårene
Patricia fekk inn over 60 videoar av danseelevane.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. apr. 2020 09:52

Torsdag 12. mars blei det annonsert stengde skular over heile landet. Samtidig blei det slutt for organisert fellesaktivitet og trening.

– Det skjedde brått, og det blei etterkvart klart at det kom til å vara. I videomøte mellom lærarar og leiing i Bjørnafjorden kulturskule blei vi oppmoda å prøva å halda kontakten, å vera kreative og å prøva å nå ut til elevane, fortel danselærar Patricia Langeland.

Ho og kollegaen Julia Erstad Bergesen har 180 elevar.

– Vi sendte ut ei lekse om å senda video av seg sjølv dansa etter ein melodi. Elevane har brukt nokre trinn dei har øvd på før, men sto fritt til å legga inn eigne, og til å laga koreografi.

Danselærarane fekk inn over 60 videoar.

– Eg er heldig som har ein mann som er flink med foto og film. No har han sett sammen leksene i éin snutt, og eg har sett den mange gongar.

Patricia har fått lov av elevane å dela dansegleda med Midtsiden sine lesarar:

– Eg gret då eg såg gjennom dei første gong. Eg blei så rørt og stolt, og så saknar eg dei så mykje. Å undervisa i dans er ikkje jobb for meg, det er noko eg berre er glad for å gjera.

– Å ikkje kunna møta, prata og klemma desse greie elevane våre, er eit stort sakn - derfor var det så kjekt å få desse videoane!

– Og så synest eg at dei både er veldig flinke, og at dei ikkje tar seg sjølv så høgtideleg. Nokre har vore ute i naturen, andre har stått på sitt eige soverom. Det er fint å sjå at dansen held fram, også mens vi er i kvar vår heim.

– Korleis blir undervisinga vidare?

– Eg og Julia har fått lov å bruka dansesalen no, så vil vil spela inn fleire videoar og senda ut til elevane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.