Lokal | 08. feb. 2019

Denne semitraileren fekk mangellapp

... ni andre fekk bruksforbod på Halhjem i går.

Denne semitraileren fekk mangellapp
Rust og sprekk i innfesting på frontvegg førte til mangelseddel på denne semitraileren. (Foto: Statens vegvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 08. feb. 2019 07:56

Torsdag ettermiddag og kveld gjennomførte Statens vegvesen kontroll av tunge køyretøy på Halhjem ferjekai.

Resultatet blei 9 bruksforbod, 6 mangelsedlar, éi skriftleg åtvaring og eitt gebyr.

– Bruksforboda gjekk på manglande baklys, slitte dekk, gjenstander i synsfeltet i frontruta og dårleg lastsikring, fortel Inge Knappskog frå Statens vegvesen.

Mangelsedlane blei skrivne ut på tekniske forhold som lys, lause boltar i svingkrans, og rust og sprekker i innfesting av frontvegg på ein semitrailer (bildet).

– I tillegg blei det éi skriftleg åtvaring grunna brot på køyre- og kviletid og eitt gebyr for ikkje medbragt vognkort.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.