Lokal | 16. jan. 2021

Denne skal kasta lys over isen på Banktjørn i ettermiddag

Røde Kors vil forlenga siste skøytekveld før snø- og regnbygene kjem.

Denne skal kasta lys over isen på Banktjørn i ettermiddag
Røde Kors si lyssøyle blir plasser på isen på Banktjørn frå 16-tida i dag. (Foto: Frank Baggen/arkivfoto av Banktjørn: Kjetil V. Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 16. jan. 2021 14:17

Fredag blei 4 av dei 5 vatna brannvesenet måler skilta med farbar is. Søndag skal det snø, frå måndag er det meldt 3-4 plussgradar og regn.

– Vi har høyrd at det har vore høg aktivitet på Banktjørn i dag, og tenkte vi skulle forlenga denne dagen, som kanskje er den siste gode skøytedagen på ei stund, seier operativ leiar i Os Røde Kors hjelpekorps, Frank Baggen.

Os Røde Kors har nemleg ei rundt 5 meter høg pølse med katastrofebelysing blant utstyrsparken sin.

– Denne lyssøyla kastar godt med lys i alle retningar. Den er i utgangspunktet meint å brukast for eksempel til søk i snødskred eller til å lysa opp andre område der det ikkje er enkel tilgang til straum. Eit aggregat følgjer med, så den kan brukast kor som hels.

Røde Kors skrur på lyset på isen på Banktjørn i 16-tida, og vil ha lyset på i eit par timar.

– Vi får sjå kor mange som er på isen, kor lenge vi blir ståande.

Lyssøyla er Hordaland Røde Kors si, men Os Røde Kors har, som fleire andre lokallag, slike ståande på lån.

– Det blir kjekt å få brukt den litt, spesielt om fleire kan ha glede av den, seier Baggen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.