Lokal | 19. nov. 2009

Dept. på Os-besøk

Onsdag var heile administrasjonen i kommunal- og regionaldepartementet på besøk i Os. Blant anna for å diskutera kommunikasjon.

Dept. på Os-besøk
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 19. nov. 2009 06:46

- Vi plar ta oss ein tur ut av Oslo ein gong i året. Denne gong blei det ein tur til Bergen og Os, seier departementsråd Eivind Dale.

Onsdag var han saman med kommunikasjonssjef Liv Merete Wiker og alle ekspedisjonssjefane sine på besøk i Os kommune.

Tema: Kommunikasjon
I tillegg til å skaffa seg eit visst inntrykk av situasjonen innan det som er dei faglege hovudoppgåvene til departementet, for eksempel distrikts- og regionalpolitikk og bustad- og bygningspolitikk, var temaet for turen «kommunikasjon».

- Tysdag var vi hos TV 2 og Bergens Tidende, i dag var det møte med ordførar og rådmann i Os kommune før turen går vidare til Os & Fusaposten, seier Dale.

- Vi i departementet, både oss i administrasjonen og ikkje minst politikarane, er interessert i å veta korleis media tenkjer, kva dei oppfattar som ei god sak. Media på si side er interessert i nyhende, så det er lærerikt å besøka redaksjonane til både riksdekkande TV 2, regionale BT og lokalavisa.

- Kva har de lært så langt?

- Inntrykket er at oppfatninga vi hadde på førehand er stadfesta, lista ligg høgt for å få omtale, særleg i riksdekkande presse, seier Dale.

Ingen presse-triks frå Søviknes
Ordførar Terje Søviknes fortel at han blei overraska då han blei spurt om å ta imot besøk frå departementet. Søviknes takka ja.

- Du er kjent for å bruka media flittig, har du lært frå deg nokre knep i dag?

- He, he! Nei, det har ikkje gått så mykje på korleis eg jobbar, men korleis eg oppfattar lokalpressa og Os kommune sitt forhold til media i Os og i regionen.

Bomma med vilje
Søviknes har også fortalt om nye heimesider til kommunen, som skal lanserast i april 2010, og om Os Inspirerer-prosjektet. Og viss du lurte; ordføraren slo samstundes eit slag for Oseana.

- Eg har nok drege gjennom presentasjonen av Oseana òg, innrømmer han. - Sjølv om det ikkje er rett departement.

Om dagens gjestar deler kantine med kollegaene i kultur- og kyrkjedepartementet, kan kanskje Oseana-talen få litt effekt. I tillegg hadde Søviknes lagt møtet til Luranetunet, i eit konferanserom med flott utsikt mot Mobergsneset og Oseana-tomta.

- Kva inntrykk trur du gjestane fekk av Os kommune?

- Vi har hatt ei kjekk stund saman, og Dale sa blant anna at han syntes det var kjekt å koma til ein kommune der det fungerte slik mellom rådmann og ordførar, at ordføraren er mykje på farten for utvikling av bygda medan rådmannen er «hands on» med det som skjer, samstundes som han jobbar med utvikling av organisasjonen. Det var akkurat slik det skulle vera, meinte departementsråden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.