Sport | 16. sep. 2018

Derby: Søfteland tar imot Os 2

Serieleiar Os 2 siktar seg inn mot opprykk. Kan Søfteland få revansje og samtidig stikka kjeppar i hjula?

Derby: Søfteland tar imot Os 2
Frå lokaloppgjeret på Kuventræ i vår. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 16. sep. 2018 10:01

I mai var det lokaloppgjer mellom Os 2 og Søfteland, to av dei beste laga i årets 5. divisjon avdeling 2.

Os 2 vann 5-1 på Kuventræ i vår.

– Kampen blei ikkje heilt som folk sikkert hadde sett for seg, det var kjekt å observera at det blei ein fin fotballkamp, ikkje berre kriging, seier Os 2-trenar Martin Røttingen Eidsvik.

Sjå video og les meir om kampen

– Kjenner banen godt

Måndag kveld er det nytt derby, denne gong på Stilvoll.

– Det kan bli ein annleis kamp, der Søfteland både vil jobba hardt for å begeistra heimepublikum, og der vi har ei mindre flate å spela på

– Vi kjenner banen godt og vi kjenner laget godt. Vi er godt førebudd. Så får vi sjå om det er godt nok, seier Martin, som spelte på Søfteland i fjor.

God haust for begge lag

Os 2 ligg på 2. plass, men var serieleiar før Osterøy fredag slo Vaksdal 4-0 på bortebane og har éin kamp meir spelt.

Søfteland ligg på 5. plass.

Sjå tabell (fotball.no)

Os 2 står med 7 sigrar på rad, og har ikkje tapt sidan bortekampen mot Voss 9. juni.

Søfteland starta bra, men hadde ei dårleg avslutting på vårsesongen. No har dei vunne fire kampar på rad, sist mot Dale, der det blei heile 9-1.

Håkon vs Fabian

Søfteland sin toppskårar, Håkon Hunnes Hanssen, har med 17 mål på 16 kampar skåra 3. mest av alle i avdelinga.

Os 2 sin toppskårar er Fabian Bødtker. Han har skåra 14 mål for Os 2, men har i tillegg putta 4 mål for Os sitt A-lag og 3 mål på 4 kampar for Øystese i løpet av nokre veker på utlån.

Eidsvik vil ikkje seia noko om kven har tar med til kamp måndag, utover at det er «ein slagkraftig gjeng».

Midtsiden har ikkje lykkast i å nå Søfteland-trenar Raymond Pedersen.

Kampen startar klokka 19.00.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.